22. sep. 2017

Vardenesturen

Å få gå ein tur i ro og mak. Vind i håret, sol i andletet. Sjå plassar ein ikkje har vore før. Det er ikkje så mykje som skal til. Som nemnt var det gratis buss på grunn av miljøsundagen no i helga som var. Me var rett og slett superheldige med vêret og bestemte oss for å ta bussen ut mot Tasta og Vardeneset. Eg jobba jo ei stund som badevakt i Tastahallen, men verken han eller eg har vore noko særskilt vidare ut i den bydelen. Hadde sett oss ut Vardenesturen – kanskje ikkje den lengste turen, men i det fine haustvêret brukte me likevel lang nok tid med eit par pausar i tillegg til at me gjekk i trasketempo og ikkje i mosjonstempo. Vakre hortensiaer i ein nydeleg farge, ein fargerik hage, grøn benk blant mykje anna grønt og me prøvde nokre bjørnebær som me fann langs vegen.


Langs ruta går det an å ta ein liten avstikkar til Vardeneset fyr, og det gjorde altså me. Ikkje det største fyret, men det ligg no veldig fint til langt ute på svaberget. Nokre var ute på vatnet med seglbåt, me sette oss ned på steinane og åt litt mat. Elskar forresten den okergule fargen på svaberget! Ingen tvil om at me nok ein gong fekk ein akkurat passe og veldig herleg sundagstur.

Legg igjen ein fin tanke