20. sep. 2017

Steinslipte glasbrot på soveromsveggen

Endeleg! Det er ingen løyndom at eg opp gjennom dei siste åra har samla på steinslipte glasbrot, dei fleste funne i fjæra på Sjøholt. Eg har lenge hatt ein spesifikk idé med tanke på kva eg gjere med dei, men aldri fått det lille sparket bak. Med innreiing som Monthly Makers-tema denne månaden, fekk eg endeleg motivasjon til å lage ei uro til å hengje på veggen, inspirert av dette biletet.


Glasbrota, ståltråd og avbitartong hadde eg jo allereie, så det einaste eg trong for å lage denne veggpynten, var ei grein. Då den var i hus, var det berre å setje i gong. Eg valde å berre plukke ut grøne, brune og blanke brot sidan det er dei eg har flest av. Sidan dei er nokså glatte og det ikkje er berre berre å knyte noko med ståltråd, tok det tid å finne teken på korleis eg best kunne feste glasbrota. Det gjekk etter kvart, og for kvart nye brot, måtte eg hugse å få ståltråden under brotet, og ikkje over (om du skjønner kva eg prøver å seie). Gøy å verkeleg få brukt glasbrota!


Inne på soverommet har HP-kalenderen min berre hange der, eg har ikkje tenkt så nøye på å ta den ned. Men det var altså der den ferdige uroa skulle få hengje. Eg synest no den passar ypperleg inn, både med fargane og med naturtemaet som me på eit vis har enda opp med (sjå vimplane som eg lagte til temaet tre i fjor). Har framleis ein del glasbrot igjen, så eg kan jo kanskje lage endå ei?! ;)

8 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Emilia sa...

Såg att du la upp denna på Instagram, så himla fin! Jag samlar alltid på mjuka glasbitar men har aldrig kommit på vad jag ska använda dem till..

Silje sa...

Fekk endeleg samla meg til å lage denne veggpynten (har nemleg hatt idéen liggjande på Pinterest nokre år allereie) :P Takk for kjekk tilbakemelding :)

aliciasivert.se sa...

Åååh så fint! Det är något magiskt med strandglas - havets ädelstenar! Drömde faktiskt inatt att jag gick och plockade på en strand <3

Silje sa...

Har alltid synest at slike glasbrot er fine, og som du seier, noko magisk :) Tusen takk for herleg kommentar <3

johanna sa...

men hallå vad vackert! Vill plocka slipade glasbitar NU!

Silje sa...

Takk! Ja, ein kan faktisk bruke slike slipte glasbrot til ganske mykje fint :D

Unknown sa...

Va fint! Har inte ens tänkt på att samla glasbitar! :) Det ska jag nog börja göra nu framöver! Tack för tipset! Kram Sarah

Silje sa...

Så koseleg kommentar, Sarah ^^ Tusen takk!

Legg igjen ein fin tanke