4. sep. 2017

Roleg musikk på ein måndag



Etter timar på jobb, eller dei timane av døgnet der eg ønskjer ro – ro til å lese, slappe av, la tankane fare – finn eg ofte fram musikk som får meg til å senkje skuldrene. Albumet med musikken frå The Theory of Everything, komponert av Jóhan Jóhanssson, er eit av dei eg høyrer mest på. Sporet "Forces of Attraction" er ein av favorittane, og eg tenkjer den passar bra for å få ein fin start på veka. "Cambridge, 1963" og "A Brief History of Time" er også to vakre låtar frå det same albumet (eller, eigentleg er alle låtane på albumet nokre av mine favorittar). Ønskjer deg ein bra måndag!

Legg igjen ein fin tanke