1. sep. 2017

Jutevatnet

Fyrste september er her. Hausten er offisielt i gong. Som vanleg går tida litt for fort, og eg veit ikkje om eg liker det. Men det er no slik det er. Og når det gjeld tida: det er allereie to veker sidan me var på fjelltur til Jutevatnet. Vatnet ligg i Vestnes kommune, nabokommunen til Ørskog der mannen min er frå, og på turen bort til vatnet gjekk me både i Ørskog og i Vestnes kommune. Trur me kan seie det slik at me var superheldige med vêret (sjå himmelen på det fyrste biletet). Vel framme ved vatnet blei det kaffi, mat frå ein prinsessematboks, og sidan det var så varmt som det faktisk var, tok me av oss sokkane og vassa litt uti sjølve vatnet. Ei heilt herleg kjensle, langt oppe på fjellet.


Turen bort var på dryge fire og ein halv kilometer, så til saman gjekk me nesten ei mil. Sola følgde oss heile vegen, bortsett frå det aller siste stykke ned til parkeringa – då kom regnet. Men for ein flott tur! Eg veit eg har nemnt det før, men det er noko heilt eige med fjellufta, alt det grøne, vidda, det å vere fri. Så godt! Til slutt ein liten "fun fact": frå 1658 til 1660 gjekk svenskegrensa oppe på Ørskogfjellet. Heilt sant, altså! Håper me får til ein liknande tur neste gong me er der oppe :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det så ut som en veldig fin tur! Nydelig landskap og fint vær, hva mer kan man ønske seg? ^^

Silje sa...

Kan leve lenge på ein slik tur, kanskje særskilt no når hausten er på veg ^^ Håper du får ei tipptopp veke, fine deg :)

Legg igjen ein fin tanke