15. sep. 2017

Fargerike teboksar

God fredag, alle fine folk! Etter ei veke på jobb, gjer det alltid godt å komme heim, slenge beina på bordet (eller kanskje helst i sofaen) og drikke ein kopp med god te. Eg har lenge vore på leit etter ei eske eller ein boks til å ha alle teposane i, til dømes ein som denne. Men då eg var innom Søstrene Grene for eit par veker sidan, fann eg ut at den gule eska er perfekt til teposar medan den blågrøne boksen passar ypperleg til te i lausvekt. Okei, så blei det to boksar i staden for ein, men det funkar. Og om nokon lurer: ja, fargane er valt med tanke på veggfargen og dei nye gryteklutane ;) Me har forresten investert i ein ny vatnkokar, for då me var ute på Devoldfabrikken, fann me ein liten og nett kokar som ein bruker på komfyren. På denne måten slepp me å ha eit ekstra element for å koke vatn (eit varmeelement som ofte er med ledning). Kokaren er også såpass liten at den passar rett inn på den opne hylla. Heilt supert! Okei, no er det tetid og lesing av bok. Helga er her :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Fine bokser og fin vannkoker! ^^ Liker fargene kjempegodt!

Silje sa...

Gult er kult, eller kva?! ;) Diggar jo også den blågrøne fargen på boksen, den er rett og slett akkurat passe. God helg til deg, fining <3

Legg igjen ein fin tanke