11. sep. 2017

Eventyrby

Ein ordentleg eventyrby! Alle dei gamle og flotte husa, fargane, store og grøne tre, slottet på haugen og ei nydeleg utsikt. Eg veit at det er stortingsvalet som for dei aller fleste er det viktigaste i dag, men eg ønskjer likevel å starte veka med nok eit tilbakeblikk på ein av dei koselegaste byane.


Me var som nemnt noko uheldig med vêret, og for oss var det i tillegg litt for mange turistar i flokk på ein stad. Likevel er Český Krumlov i mine auge ein by det er verd å besøke. Sidan dei andre fire byane me besøkte er hovudstadar, trur eg me trengte å senkje skuldrene litt, berre vandre rundt utan å kjenne storbylivets kjas og mas. Utsikta kan eg drøyme meg tilbake til i dag, i morgon, lenge. Og så mange kule detaljar, til dømes ei klokke oppe ved slottet og mønsteret på slottsmuren. 


Hagen ved slottet er kjempefint utforma med mykje grønt, ei stor fontene og vakre blomar – det var til og med sette opp eit par utsiktstrapper slik at ein fekk betre oversikt over den store hagen!

Legg igjen ein fin tanke