3. sep. 2017

Ei veke, sju dagar med blogging

Utan at eg har hatt ein stor tanke med det heile, har eg visst blogga kvar dag denne veka. Slik går det når eg framleis har ein del (eller la oss seie ein heil haug) å vise frå Interrail-turen samstundes som eg ønskjer å dele små glimt frå vår kvardag. Det har vore ei veke der eg har jobba ein del både på Madla og på hovudbiblioteket i byen, sola har vore framme stort sett kvar dag og eg har nok ein gong fått lese mykje. Det har vore ei bra veke sjølv om hjernen innimellom har gått på høygir. Me har til og med fått sete nokre timar ute på balkongen med kaffi og bok, og det har gjort godt sidan det ikkje har vore den varmaste sommaren her i år. Mykje kjekt og fint i denne vekas sundagsliste:

✦ gå kveldstur ved Hafrsfjord der me blant anna fekk sjå ein kjempefin regnboge
✦ fredagskveld med Nytt på nytt og skrive lappar til minneglaset
✦ June viser kor fint det er ute ved Smøla og Hitra
✦ drikke presskannekaffi ute på balkongen i solsteika
✦ eg les ofte fleire enn ei bok om gongen, og då er det ekstra kjekt å lese denne artikkelen
✦ hekle fleire sekskanta lappar medan me såg filmen Operation Petticoat
✦ likte veldig godt krimboka Lycke av Mikaela Bley, og hennar neste bok, Liv var også bra
✦ "Jag längtar" – så nydeleg skrive inne hos Sandra
✦ fyrste øving med orkesteret
✦ setje oss ned med sesongfinalen av Game of Thrones
✦ finne glede i det geometriske mønsteret på golvet inne på teateret
✦ at eg fleire av dagane har sykla til jobb med sola i andletet og knallblå himmel
✦ blir veldig artig å få sjå og høyre The Book of Mormon om berre fire veker
✦ og apropos musikalar: at ei veninne eg ikkje har sett på mange år blir med på Les Misérables
✦ hausten er ikkje mi favorittårstid, men haustfargane er likevel heilt supre og friske
✦ ei verd, eit hjarte (gatekunsten i Stavanger, altså)
✦ "kjærlighed e kjærlighed" – gjer godt å sjå meldingar som dette mitt i sentrum
✦ møte både ender, piggsvin og sauer langs Mosvatnturen

Legg igjen ein fin tanke