19. aug. 2017

Med kabelbane opp til dei finaste blomane

At tida går fort er det vel ingen tvil om, men eg har likevel vanskeleg for å forstå at det er allereie to månadar sidan desse bileta blei tatt. På dagen! Her på Sjøholt har me hatt alt frå bøttande regn og tåke til sol og blå himmel i dag, ein typisk norsk vestlandssommar. I Praha for to månadar sidan gjekk me derimot i shorts og kjole, og utpå kvelden blei det T-bane og trikk bort til ei kabelbane som tok oss opp til Petřín-høgda. Stas med kabelbane, og turen med bana var inkludert i kollektivbilleten me hadde kjøpt for dei tre dagane me var i Praha. Me visste ikkje om kabelbana før den same dagen då me hadde litt ekstra tid og berre sat og bladde i reisehandboka som me hadde med oss. Alltid artig å plutselig oppdage noko nytt og berre finne ut at "jo, det kan me gjere".


Vel oppe på toppen var det så himla mange fine blomar å sjå og lukte på. Det hadde byrja å mørkne, men blomane lyste mot oss likevel. Oransje, raudt, gult, lyselilla, knallrosa, alle moglege fargar. Eg hoppa rundt i den knallraude kjolen, og eg kan enno finne fram den sommarkjensla eg hadde denne kvelden. For etterpå skulle me få oppleve ein av dei vakraste solnedgangane nokosinne.

Legg igjen ein fin tanke