9. aug. 2017

Diger metronom og sko på ei straumleidning

På vår andre dag i Praha, eller fyrste heile dag om ein ser på det slik, starta me med å gå det lille stykke frå hotellet og bort til metrostasjonen Florenc. Kvar stasjon i Praha har sin fargestil, men alle er i ein futuristisk stil. Brosteinane var både små og store, og på vegen stakk me såvidt hovuda innom denne rare antikvitetsbutikken. Fann ikkje noko i farten, men for eit kult namn!


Me hadde bestemt oss for å sjå slottet (eller borgen) og St. Vitus-katedralen som ligg på ei høgde på vestsida av elva Vltava (Moldau). For å komme oss dit gjekk me over ei bru og opp 208 +++ trappetrinn  – eg byrja fyrst å telje då me allereie hadde gått opp det fyrste nivået. Vel oppe var fyrste stopp denne kjempestore metronomen. Ikkje så enkelt å ta bilete av den sidan fronten peikar ut mot elva og det var sperra rundt sjølve metronomen. Men stor var den, det er sikkert og visst.


Rett ved metronomen hang det ein haug med forskjellige sko over ei straumleidning, noko eg hugsar godt frå filmen Big Fish. Det er visst ei greie som faktisk heiter "shoe tossing", så no veit eg det også. Utsikta over byen og elva var vakker, og den lille blomeenga i Letnaparken endå vakrare!

Legg igjen ein fin tanke