15. mars 2017

Hillevågsturen

Like kjekt kvar gong å gå på nye stiar. Eller, ein del av turen me gjekk på sundag hadde me jo gått før, men me gjekk også stadar der me ikkje hadde vore før. Me følgde ruta som heiter Hillevågsturen, og turen er nesten sju og ein halv kilometer. Tok fyrst beina fatt innom Vannassen. Fine fuglar såg me mange plassar langs ruta, til dømes ved Vannassen og på denne hekken.


Noko anna me også såg, var snøklokker. Ja, eg veit, eg legg ut mange av desse blomane kvart einaste år på denne tida. Men sjå på dei, så utruleg vakre. Det siste biletet er forresten frå den lille hagen ved Ågesentunet der me feira pappa sin store dag for halvanna veke sidan.


Ved Eikeberget er det laga til ein fin utsiktsplass. Litt for kaldt til å setje oss ned lenge, men me stod i alle fall og såg litt utover fjorden og også ned på boligområdet og den stilige kulverten. Eit anna stoppepunkt var spiralbrua over jernbanelinjene. Nok ein super tur her i vår fine by :)

Legg igjen ein fin tanke