5. mars 2017

Bursdagsfeiring og generelt ei travel veke

I løpet av veka hadde me tre forskjellige arrangement på jobb, eg hadde ekstravaktar nede i byen, me har vore på kino, billettar til det eine og det andre er tinga, og i går feira me den besteste pappaen som blir seksti år no til veka. Så jepp, dagane har gått i eitt. Men det meste har jo berre vore gøy og koseleg, og då går det jo greitt sjølv om det er travelt og at eg innimellom har kjent at "no vil eg berre setje meg ned med ein kaffi og ei god bok" (heldigvis har eg jo fått litt tid til det også). Mars månad har sånn sett starta bra, og under er vekas fine punkt i ei lita liste:

✦ feire pappa sin 60-årsdag (nokre dagar på førehand) med kjente og kjære
✦ alle DIY-bidraga med loppis som tema i samband med Monthly Makers – så mykje kult
✦ tinge billettar til Stockholm i slutten av mai i samband med eit seminar som mannen min skal på
✦ og ikkje minst: tinge billettar til Interrail-tur i sommar :D
✦ byrje på fotobok frå fjorårets biltur i Noreg
✦ "Why Typography Matters" med utgangspunkt i den store Oscar-tabben
✦ diggar innpakninga på sjokoladane me kjøpte i London
✦ alle dei forskjellige arrangementa på jobb no i vinterferien
✦ ein bloggpost om takksemd inne hos Signe – noko eg trur er viktig å kjenne på innimellom
✦ alltid noko gatekunst å sjå nede i byen
✦ at det blir musikalhelg i Oslo i september med både Les Misérables og The Book of Mormon
✦ Ida sine boktankar, og denne gongen skriv ho om bøker ho ikkje har likt
✦ koseleg post-itlapp frå ein kunde
✦ datekveld med restaurantbesøk og La La Land på kino
✦ liten, men vakker videosnutt med kulning inne hos Jonna
✦ høyre på musikken frå La La Land (har hatt dei på hjernen heile veka)
✦ lese den vonde, såre og viktige bileteboka Blekkspruten
✦ setje av tid til å sjå ferdig den nydelege filmen Like Stars on Earth, og tårene rann så klart

Legg igjen ein fin tanke