4. feb. 2017

Svipptur innom Kensington Gardens

Ordentleg laurdag i dag med null jobb og mykje fritid. Tidlegare i dag var me på ein spasertur rundt Mosvatnet, og då tenkte eg at eg kunne dele nokre bilete frå Kensington Gardens i London. Som førre gong me var i London (i 2012, altså fem år sidan), budde me på Caring Hotel og det ligg ikkje langt unna Kensington Gardens og Hyde Park. Det er akkurat ei veke sidan me var innom Portobello Road Market og Notting Hill, og då me skulle bort til hotellet, gjekk me altså innom parken. Her har det byrja å bli litt grønt allereie, og berre tenk korleis det er her om våren!


Sjølv om me eigentleg var på veg frå A til B, berre måtte eg stoppe opp for å fange desse fine på kameraet. Snøklokker, altså! Kvart år nemner eg at dei er det ultimate vårteiknet i mine auge, og det meiner eg så klart i år også. Gleder meg til å sjå dei her heime også etter kvart, dei er så vakre.


Også denne gongen fekk me sjå nokre fine og søte ekorn i parken. Dei er jo veldig vande me menneske, og var nokså nær oss. Ein fin liten tur innom parken før middag og teaterbesøk.

Legg igjen ein fin tanke