20. feb. 2017

"Nytt" kakefat

Dette er nok ikkje det mest originale prosjektet eg har halde på med, men då eg fann ut at februartemaet for Monthly Makers var loppis, var saka klar: eg skulle lage eit etasjefat (altså kakefat) av gamle tallerkenar. Eg har lenge tenkt på å lage eit slikt etasjefat, og eg har både hatt tallerkenane og delane til stativet liggjande i heimen i nokre år. Så det einaste eg mangal, var boren som ein bruker når ein skal bore i porselen. Brukte denne og denne "oppskrifta" som utgangspunkt for prosjektet (og eg må ærleg innrømme at eg fekk litt hjelp av min betre halvdel til å byrje med når det gjeld boringa). Alt i alt eit enkelt prosjekt med få delar, men ein må ha tolmod, for den boringa tok mykje lenger tid enn det eg trudde. Og høyrselsvern er ein grei ting å ha.


Då alle delane var sette saman, blei det til slutt slik. Må seie meg nøgd med resultatet, men de ter to ting: den nedste skåla er den tyngste og sjølv om den er mindre enn den i midten, måtte eg ha den nedst på grunn av tyngda. Difor blei det ikkje eit ordentleg etasjefat frå størst til minst. Det andre er at metalldelane er kjøpt rimeleg på ebay ein gong for nokre år sidan, og eg merkar at det gjer det heile litt mindre stødig enn det burde vere. Likevel blei resultatet fint i mine auge, og det var bra å få eit lite spark bak til å endeleg få gjort dette prosjektet som eg har hatt i tankane ganske lenge :)

8 kommentarer:

Stina | Stinas tillvaro sa...

Så himla kul att vi tänkte samma, superfint :)

Silje sa...

Ditt kakefat var også kjempefint, Stina! :) Tusen takk for super kommentar ^^

Alicia sa...

Åh så härligt retro kakfat! Jag gillar att det är asymmetriskt istället för att ha den största tallriken i botten. Det får en att reagera och titta till en extra gång :) Fint val av porslin också!

Silje sa...

Retro, loppis og gjenbruk er like gøy kvar gong ^^ Og så moro at du liker at kakefatet er asymmetrisk :D Tusen takk for fin kommentar, Alicia!

Johanna sa...

Så fint.
Det där måste jag testa någon gång ��

Silje sa...

Tusen takk, Johanna! :) Ikkje så vanskeleg som ein kanskje trur, så det er berre til å prøve!

Ruth sa...

Åh vilket fint kakfat! Jag tycker att du satt din egen originella prägel på det och gjort det extra spännande och vackert i och med att du valt rätt olika tallrikar och satt den största i mitten. Det kommer passa perfekt till nästa fika!

Silje sa...

For ein kommentar, Ruth, tusen takk! :D Alltid kjekt med slike tilbakemeldingar! Skal garantert ta det fram ved neste teselskap eller kakebesøk :)