25. feb. 2017

Flotte og fargerike hus i Notting Hill

Eit av punkta på lista mi då me besøkte London for ein månad sidan, var å bruke litt tid på å berre traske rundt i Notting Hill for å sjå på alle dei kule husa med så mange flotte og friske fargar. Og berre sjå så fargerikt! Eg blir så glad av syn som dette, skulle gjerne hatt fleire slik hus i nabolaget :)


Oransje, blått, raudt, kremkvitt, grønt og mint. Vakkert, og eg trur nok det er denne husrekkja som i mine auge var den finaste som me såg på vår veg. Ikkje for det, heile Notting Hill i mitt <3


Før me traska vidare, stakk me innom Amorino der me åt kvar vår knallgode gelato. Stakk også innom den herlege og artige butikken The Cross der me fann nokre julegåver (ha, ha, tidleg ute i år). Nokre dører hadde fått auge, og til og med garasjeportane og mursteinane var fargeklattar. Trur mannen min byrja å bli lei etter ei stund sidan eg stoppa opp for kvart lille skritt for å ta bilete ;) Men sånn går det når kvart eit hus og kvar ei dør er små kunstverk som ein ikkje får nok av.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

sandra sa...

Så fantastiska färger på husen alltså! Önskar att vi hade fler färgglada fasader här :)

Silje sa...

Veit, det går mykje i grått og kvitt her i byen. Blir så mykje finare med slike fargar, og humøret (i alle fall for min del) blir med eitt så mykje betre :D

Legg igjen ein fin tanke