13. jan. 2017

Utsikt og detaljar frå Sørmarka

Sjølv om det var litt grått og trist ute på sundag, kom me oss ut og traska ein tur bort til Sørmarka. Oppe på ein av haugane får ein alltid så god utsikt over byen, og hadde det vore varmare, hadde me kanskje tatt ein rast på den benken. Nokre plassar hadde vatnet frose til eit tynt, tynt lag med is.


Detaljar. Å traska rundt, berre sjå meg omkring, leggje merke til små detaljar. Detaljar som ein slags pipe, marmoraktig mønster og eit glitrete og julepynta tre, midt ute i skogen. Var ute i halvannan time før me var heime, akkurat rett før det verste regnet byrja, ein passeleg sundagstur.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Det gjeld å ha augo med seg! Herlege detljar, altso, og eg kjende det varma hjartet litt at nokon har tenkt tanken og deretter teke med seg ei glitterlekkje ut i skogen for å pynte opp eit tre der.

Silje sa...

Me blei noko overraska då me såg det julepynta treet, men me trakk på smilebandet og syntest det heile var både fint og morosamt!

Legg igjen ein fin tanke