6. jan. 2017

Mitt bokår 2016 📚

2016 var det året lesegleda endeleg kom tilbake, trass mykje jobb og endå meir masterskriving. Noko av grunnen trur eg var det at eg byrja å jobbe på biblioteket, ein plass der bøker er overalt, der ein garantert finn ei bok som passar til det humøret ein er i akkurat der og då. Eller kanskje ei bok ein lenge har hatt lyst til å lese, men som ein ikkje har plukka med heim. Ifølgje profilen min på bokelskere.no, las eg 61 bøker i fjor, og det er eksludert dei par-tre bøkene eg også las i fjor som eg har lese før. Det er ikkje ekstremt mykje, men det er meir enn ei bok i veka, og det skal eg ikkje klage over. Ei av bøkene som gjorde sterkest inntrykk, var Du er så lys av Tore Renberg. Andre sterke bøker: Farvel til Eddy Bellegueule og Voldens historie av Édouard Louis, Lukta av våt jord om natta av Maria B. Bokneberg og Gutten i den stripete pyjamasen av John Boyne.


Mange av bøkene eg las, var så gode og så bra skrivne. Drep ikke en sangfugl av Harper Lee sit definitivt igjen som ei av dei aller beste, ein klassikar som har tolt tidas tann. Andre overraskingar var Et helt liv av Robert Seethaler, Brooklyn av Colm Toíbín, Barnepiken av Kathryn Stockett,  Stiklingen av Audur Ava Ólafsdóttir og Høytleseren på 06.27-toget av Jean-Paul Didierlaurent.


Det er ikkje alle bøker ein har like mange forventingar til eller som ein ikkje i det heile tatt hadde tenkt på å lese. I løpet av året blei det ein del slike bøker, nokre av dei plukka eg berre med meg heim frå bokhyllene på jobb. Boka om bibliotekkatten Dewey var ei av bøkene som verkeleg overraska positivt. Andre slik bøker var Jeg har ventet på deg av Mirjam Kristensen, Et helt halvt år av Jojo Moyes (ja, eg veit eg var seint ute, men eg var noko skeptisk til denne som viste seg å vere både fin, morosam, sår og bra) og Historien om Harry Potter av Melissa Anelli.


Den aller vakraste boka eg las i fjor trur eg må vere La meg synge deg stille sanger av Linda Olsson. Andre var Våre sjeler om natta av Kent Haruf, Kunsten å høre hjerteslag av Jan-Philipp Sendker, Eleanor & Park av Rainbow Rowell og Mille Birds bok om døde ting av Brooke Davis.

Elles må eg berre innrømme at det i løpet av fjoråret blei lese mykje krim (til dømes alle bøkene i Louise Rick-serien av Sara Blædel), nokre mindre bra bøker (eg gav opp Sannheten og andre løgner) og nokre bøker som ein kanskje karaktiserer som lettlesne, men som eg verkeleg koste meg med: Leserne i Broken Wheel anbefaler av Katarina Bivald og Herr Fikrys litterære liv av Gabrielle Zevin. Eg har lese godt og blanda i 2016, og eg håper å fortsetje med det no i 2017. Når det gjeld å lese systematisk, er dette noko eg ikkje har lagt mykje vekt på – eg les det eg ønskjer i den augneblinken eg finn ei bok som ser lovande ut, som eg har venta på eller som nokon kjente har anbefalt. Men her om dagen kom eg over denne leseutfordringa. Trur ikkje eg kjem til å klare alle tjueseks, eg les som sagt fyrst og fremst det eg har lyst til, men klarer eg å huke av ti-femten på lista, skal eg vere nøgd. Arv og miljø av Vigdis Hjorth las eg ut i går; no er bokåret 2017 i gong.

Legg igjen ein fin tanke