29. apr. 2016

Fredag med masterskriving og noko attåt

Slik har min fredag sett ut, i alle fall andre halvpart av dagen. Var jo på jobb fram til nærmare to før det var heim for å pirke meir på oppgåva. Er rimeleg lei no, men no er det ikkje lenge att, så dette skal på eit eller anna vis gå bra. Prøver å slappe litt av med ei bok kvar kveld, og akkurat no er det bestseljaren Et helt halvt år. Har faktisk ikkje lese denne før no. Er så herleg å ha ei litt enkel bok som samstundes er ganske så fin ved sidan av jobb og innspurten på masterskrivinga. Blir mykje arbeid med oppgåva denne helga, men litt tid til ein tur, bok og film blir det nok likevel :)

28. apr. 2016

Songperle



Alltid like kjekt å oppdage nye songar frå ein av favorittartistane. Markéta Irglová la ut denne videoen på Facebooksida si i går, og du kan tru at eg måtte rett inn på youtube for å sjå og ikkje minst høyre. På sida si skriv Markéta at songen er spelt inn i til ein velgjerdsorganisasjon for barn i Tsjekkia. Ho syng dimed på tsjekkisk denne gong, så eg kan ikkje påstå at eg skjønner teksten. Men vakkert er det likevel, ei lita perle som eg kan lytte til og slappe av med etter ein lang dag på jobb.

27. apr. 2016

Breiavatnet v4

I går gjekk me ned til byen, for me skulle nemleg sjå Pyromanen, filmen som er basert på boka Før jeg brenner ned av Gaute Heivoll, på kino. Og med akkurat passe vårvêr sjølv om klokka var nærmare åtte på kvelden, var det heilt herleg å ta beina fatt i staden for å busse eller sykle. Og då me fust var i byen, blei det så klart nokre bilete av Breiavatnet, akkurat som dei førre månadene.


Svanene var på plass rundt vatnet, eg trur mannen min talde femten stk. til saman. Dei er så fine, og som eg nok har nemnt før, er det noko majestetisk over dei; den lange halsen, dei kvite fjøra.


Trur aldri eg har lagt noko særskilt merke til denne statuen før, men den er veldig passande for miljøet rundt Breiavatnet. Plutseleg såg eg desse tre spurvane sitje på rad og rekkje rett ved vatnet. Klarte å fange dei alle tre på eit bilete før den eine flaug sin veg og dei to andre flaug rett etterpå.


Er godt å sjå blå himmel, kjenne at det er varmare i lufta og det faktum at det er lyst lenger enn halv fem om kvelden. Me kom oss til slutt inn i kinosalen der me hadde ei veldig god kinooppleving!

25. apr. 2016

Loppemarknad gjennom hans auge

I helga, nærmare bestemt laurdag, var planen at me skulle byrje dagen med å stikke innom ein loppemarknad i nærområdet. Eg vakna med vondt i hovudet og var generelt ganske uggen i kroppen. Det gjekk heldigvis over i løpet av dagen, men eg blei ikkje med på loppemarknaden. Min betre halvdel gjekk difor til marknaden aleine. Med seg hadde han tatt med seg kameraet slik at eg kunne få kjenne litt på atmosfæren då han kom heim. Så klart er det ikkje det same, men er jo litt kjekt å kunne sjå på nokre bilete likevel :) Ein tallerken og ein skrivemaskin var det fyrste han såg.


Elles tok han bilete av mykje rart (som han sa sjølv "eg tok bilete av noko av det raraste eg såg") og også noko fint. Radioen og LP-en var jo fine, men ein fjernstyrt dinosaur og ein matrosliknande mus er vel ikkje det eg fyrst og fremst vil ha i hus ;) Får vel heller seie betre lukke neste gong.


På veg heim måtte han visst stoppe for å ta eit bilete av denne bilen: ein knallraud Citroën 2CV. Eg veit at mamma er over gjennomsnittet glad i 2CV, og det kan eg eigentleg forstå, for det er noko sjarmerande med desse bilane (sjå forresten denne biljakta frå Bond-filmen For Your Eyes Only).

24. apr. 2016

Kulaste bokmerket og kjekke filmar

Mykje sol, ein god del arbeid med masteroppgåva, jobb og nokre filmar. Veka kort oppsummert. Mannen min var i Kr.sand på seminar frå måndag til fredag, så eg har vore grasenkje mesteparten av denne veka. Etter jobb har det dimed vore enkle middagar, litt skriving på oppgåva og ein film eller boklesing før sengetid. Det er jo det som er "faren" når ein jobbar på eit bibliotek: tilgangen til ein film eller to og ein haug med bøker er ganske så stor ;) Vel, vel, her kjem sundagslista:

✦ feire Verdas bokdag ein dag på etterskot med dansk krimbok, litt mørk sjokolade og det kulaste bokmerket eg fekk i høve bursdagen min :)
✦ "How To Be More Creative (Everyday)" hos Geneva
✦ le av kommentaren "Hva med miljøet da?" på skulen (Tre Nøtter til Askepott-referanse)
✦ så himla søt vaskebjørn og eit supernusseleg piggsvin
✦ opne ny pose med kaffi, for den lukta er alltid like god
✦ leve meg inn i boka Historien og Harry Potter av Melissa Anelli
✦ sende heimelaga postkort og få fine tilbakemeldingar frå mottakarane
✦ sjå filmane Begin AgainPhilomena og Cinderella medan han fine var i Kr.sand
✦ gå sundagstur i nydeleg vårvêr, sjå både søte lam og fine esel
✦ denne Harry Potter-saka lo eg ganske så høgt av (via Alicia)
✦ gå med genser arva frå svigermor
✦ "20 filmer som egentlig er en kopi"
✦ bli rørt av historier som denne med ei lommebok i "hovudrolla"
✦ få mannen min heim igjen ^^
✦ dei rosa blomane på kirsebærtrea hos Emma
✦ fin sak om gjenbruk av tekstilar
✦ få gratis kaffi, kjeks og ein liten Twist på skulebiblioteket
✦ her er det mange musikalar å velje mellom

23. apr. 2016

Flott Etsy-butikk ✽

Veldig kjekt å komme heim til ein slik fin pakke i postkassa torsdag etter jobb. Då eg såg at det stod "Norvège", skjønte eg med ein gong kva det var. Eg hadde lenge sett meg ut nokre fine postkort frå denne Etsy-butikken, og då det blei lagt ut nokre herlege smykkeanheng, berre "måtte" eg slå til.


Det er Tone som står bak illustrasjonane og smykket. Ho driv den lille Etsy-butikken Komorebitone. Fyrste gong eg såg ein av illustrasjonane hennar, var på bloggen til Ina. Måtte rett inn på Facebooksida for å sjå endå meir. Tone legg også ut prosessen ved ein del av illustrasjonane på denne bloggen (sjå til dømes denne Beatles-illustrasjonen). Så mykje fint og stilig!


Postkorta er like fine som det eg hadde sett for meg, og eg kan jo røpe det at eit par av dei kjem eg garantert til å behalde sjølv og ramme dei inn i ei fin ramme. Og så måtte eg jo teste ut smykket, og eg vil no seie at den passa perfekt til den burgunderraude genseren eg hadde på meg i går :)

22. apr. 2016

To små bruktgjenstandar

Ting tar tid, men her er då altså blogginnlegget om garasjesalet me plutseleg stakk innom på veg heim frå Vålandstårnet sundag som var. Tok berre to bilete frå sjølve salet, for me blei ståande og prate litt me ho som selde ting og tang, åt ein lapp kvar og berre naut sola. Diggar servise som ho serverte lappane på; diverre var nok ikkje det til sals (eller – antakeleg var det like så greitt).


Og her kan du sjå kva me kom heim med: ei smørkrukke som eg trur er i serien Karin frå Stavangerflint og ei fløtemugge i serien Astrid frå Figgjo. Er så kjekt å kunne finne og kjøpe så fine loppisar for ein billig penge. Og veldig anvendeleg er dei også, både til pynt og til bruk :)

20. apr. 2016

Vårlege helsingar

Temaet denne månaden av skaperutfordringa Monthly Makers har vore vår. Det fyrste eg tenkjer på når eg høyrer "vår" eller "våren", er snøklokker. For meg er dette det sikraste og finaste vårteiknet, noko eg har skrive om i dette og dette innlegget. På grunn av mykje jobb og like mykje masterskriving har det vore knapt med tid til å gjere noko stort denne månaden (førre månad var eg ikkje med i det heile tatt). Med snøklokker som inspirasjon, fann eg ut at eg skulle lage nokre enkle postkort til å sende til nokre av venene mine. Årets snøklokker var altså motiv på korta. Printa ut bilete og mal med linjer til å skrive på, og klipte og limte bilete og mal saman.


Syntest at dei kvite konvoluttane var kjedelege, så eg fann eit par Gudrun Sjödén-magasin og klipte ut fargerike mønster som eg etterpå limte på framsida av konvoluttane. Det gjorde dei  så mykje finare og meir våraktige i mine auge, for vår = fargar :) Kjekt å kunne lage noko til andre, ikkje berre til meg sjølv eller til heimen vår. Det er ikkje så mykje, men det er tanken som tel. Og ei vårleg helsing i posten er jo fint å få. Dette er altså mitt bidrag til apriltemaet av Monthly Makers.

18. apr. 2016

Vålandstårnet

Mesteparten av dagen i går blei brukt til masterskriving og noko husarbeid, akkurat slik som førre sundag. Men med det knallfine vêret ute kjente me begge to at me måtte ta oss ein liten tur. Det blei berre opp til Vålandstårnet, men det var likevel så godt å kjenne sola varme, frisk luft i andletet og røre på beina. På veg opp såg med fine, små blomar, slik som kvitveis :) Våren er så nydeleg!


I januar i år opna dei tårnet etter ei stor restaurering, og det var kjekt å sjå tårnet i sin heilskap utan stillas rundt (eg får assosiasjonar til Tobias i tårnet). Me rakk akkurat ikkje å stikke innom kaféen som har opent nokre timar kvar sundag, så akkurat det har me det til gode. Herleg tur var det lell.


Også på veg heim såg me blomar, nemleg påskeliljer og tusenfryd. Eg kan enno hugse at då mamma lukte i hagen ein gong då eg var mykje yngre, byrja eg å gråte fordi ho skulle luke vekk tusenfryda som voks i hagen vår. Ha, ha, så fine syntest eg dei var. Og det gjer eg enno! Som nemnt stakk me innom eit garasjesal på veg heim der me fann eit par fine saker, men dei skal eg vise fram seinare.

17. apr. 2016

Blomar, rådyr, kaninar og kaffi

Også denne veka har vêret vore upåklageleg. Eg må vel innrømme at eg gjerne skulle ha vore ferdig med oppgåveskriving og heller brukt alle timane ute i skog og mark, sett på blomane som viser seg for fullt og kjent sola varme. Heldigvis har det vore litt tid til det også innimellom jobb og skriving :) I korte trekk er det stikkorda jobb og masterskriving som har fylt denne veka, slik mange av dei dei føregåande vekene, men som vanleg har eg jo andre fine ting eg gjerne vil dele i lista under:

✦ kvitveis, tusenfryd, påskeliljer og andre fine gule blomar
✦ blir kjekt å sjå denne filmen når den kjem på kino til hausten
✦ kjekt med kundar som seier "Du e ein knopp" når eg eigentleg berre gjer jobben min :)
✦ og veldig stas å få ein kopp med kaffi og ein liten sjokolade frå ein annan kunde
gå heim frå skulen hand i hand etter mange timar med oppgåveskriving
kommentar om vener og einsemd
✦ lese ut krimboka Grønt støv Sara Blædel
✦ få dei nye kaffikrusa og tefata i hus
✦ fin og stemningsfull Harry Potter-teikning inne hos Tone
✦ ta ein pause saman med studievenar ute i solveggen mellom oppgåveskriving og forelesning
✦ sjå både kaninar og rådyr på veg heim frå skulen
✦ herlege små, raude pandaer, ein katt og litt popkorn og denne supersøte koalaungen
✦ stikke innom eit garasjesal på veg heim frå Vålandstårnet i dag
✦ høyre på den sjuande episoden av Synne sin podcast
✦ få fine bursdagsgåver i posten
✦ kose oss med In the Good Old Summertime frå 1949, ein film som altså er musikalversjonen av The Shop Around the Corner (her må eg også nemne You've Got Mail)