31. des. 2016

Snart eit nytt år 💫

Tenk at 2016 snart er over og at me om berre nokre timar kan skrive 2017. Dette året har vore tungt og fint om kvarandre, året har vore ei omvelting. Tungt på grunn av masterinnspurten, fint å bli ferdig og vere på tur rundt i Noreg i sommar og omvelting nettopp fordi eg leverte masteren, at eg etter fem og eit halvt år som student plutseleg var ferdig. Å vere i jobb og ikkje lenger vere student, å faktisk slippe å tenkje på å skrive på oppgåva og lese pensum kvart ledige minutt om kveldane. 2016 har også vore det året me kunne feire vår fyrste bryllaupsdag, det året der me gjekk endå fleire turar i skog og mark, og det året der hausten og vinteren var så innmari fine med dei vakraste soloppgangar og -nedgangar (som soloppgangen i Oslo på julaftan som ein altså ser på bileta). I år skulle me eigentleg feire inngangen til det nye året med nokre gode vener, men på grunn av heftig forkjøling, skal me for fyrste gong feire nyttårsaftan aleine her heime. Ein heilt roleg kveld. Det blir rart, men trur det samstundes blir fint :) Vil ønskje alle dykk finingar ei kjempeflott nyttårsfeiring!

30. des. 2016

Alltid ein Potter-fan

Fredag. Om eit drygt døgn er det plutseleg eit nytt år. Sånn på tampen av året har eg, endeleg, byrja å lese i den illustrerte versjonen av den fyrste Harry Potter-boka. Dei siste gongane eg har lese serien, har eg lese bøkene på engelsk, og eg merker at det er forskjell. Men no er eg i gong, og det er så gøy å vere i det universet igjen. Illustrasjonane av Jim Kay er så vakre, så perfekte til historia. Sukk. Det er noko heilt spesielt ved det å kunne dykke ned i ei god bok, berre la tankane fare.

29. des. 2016

Julaftan totusenogseksten

Bordet var så fint pynta då me skulle ete middag julaftan. Store og vakre konglar, litt granbar og nokre små, fine sølvaktige kuler. Raudt og kvitt og naturfargar, akkurat passe julepynta. Og ja, det var mykje riskrem til dessert, og du kan tru det blei mykje restar att til vertskapet fyrste juledag ;)


Mannen min tok på seg nisselua ein gong utpå kvelden og sa seg villig til å dele ut julegåvene, ei og ei om gongen, slik me ofte gjer (jul = tradisjonar). Hi, hi, eg syntest han var litt søt der han sat!


Sambuaren til onkelen min hadde bakt nokre slag i tillegg til dei me hadde laga her heime som me tok med på turen. Gode var dei, og noko av det kulaste var den eine peparkaka som var pynta med symbolet til Deathly Hallows (om nokon skulle lure: det er frå Harry Potter-universet). Stilig!

28. des. 2016

Breiavatnet v12

Året er snart omme, og for tolvte gong dette året er det på tide å poste eit innlegg med bilete frå finaste Breiavatnet. No i desember har eg stort sett berre vore nede i sentrum på kveldstid (kino, kafébesøk, julefest med jobben), og difor har eg berre fått tatt bilete om kvelden. Men med så mykje julelys rundt omkring, har mørket ikkje vore fullt så mørkt. Og sjekk ut alle dei vakre fargane i vatnet på det øvste biletet – så magisk og herleg vinterstemning! Stavanger, du er så fin :)

27. des. 2016

1. juledagstur til Lutvann

Fyrste juledag, før me måtte pakke koffertane og dra i retning Kr.sand. Så godt å bevege oss, kjenne frisk luft i andletet. Me var fem stk. som tok på oss varme klede, gode sko og gjekk ein tur i Østmarka. Nokre plassar var det is og bittelitt snø, og eg prøvde å ta bilete av dei koboltblå hanskane eg fekk til jul (fargen er så knæsj som det går an å bli, og det er verkeleg vanskeleg å fange det på eit bilete). Me traska både på grusveg og skogssti, og det blei nokre skritt den dagen, ja.


Planen var å gå berre ein liten tur, det vil seie omtrent ein time, men me enda opp med å vere ute i dryge to timar, og turen gjekk til Lutvann og tilbake igjen. Då me kom fram til vatnet, skein sola som aldri før, og solstrålane var så vakre der dei titta fram mellom trea. Takk for ein herleg tur!

26. des. 2016

Juletre i hovudstaden

Trygt heime i Stavanger. Ute stormar det som verst. Sidan me fann ut at uvêret skulle slå til skikkeleg i kveld, bestemte me oss for å køyre frå Oslo i går kveld, overnatte i Kr.sand og ta det siste strekket tidleg i dag. Kjipt å dra ein dag tidlegare enn planlagt, men mtp. korleis vêret ute er no, var det nok det beste å gjere. Rart å ikkje pynte juletreet lille julaftan slik me alltid pleier, og også litt rart å ikkje ha den same pynten som det me pleier, men juletreet hos onkelen min og sambuaren hans var vakkert pynta likevel. Nuperellestjerna som hang på ei grein i ei eiga vase var særskilt pen.


Det blei nok gåver sjølv om me "berre" var sju stk. Men eg synest jamt over at det var fine og nyttige gåver med alt frå ullsokkar til gavekort som skal brukast på ny skrivar. Som vanleg når det er bekmørkt ute, var det vanskeleg å få til bra bilete, men nokre heilt brukbare av juletreet blei det jo. I morgon er det jobbdag, men full jobbveke er det ikkje, så eg har ein slags juleferie eg også :)

25. des. 2016

Biltur, togtur og soloppgang i juletida

Litt annleis jul enn vanleg, både fordi me feirer den utanfor Rogaland og fordi julefeiringa blir litt kortare enn planlagd på grunn av uvêret "Urd". Men ei fin jul har det jo vore likevel altså, eg skal ikkje klage. Me reiste med bil alle fem heile fredagen, og det var utruleg godt å komme fram til risgraut og dekka bord. I går var mannen min og eg ein tur ut til Langhus før det blei julefeiring i Oslo hos onkelen min og sambuaren hans. Vår jul kort fortalt, fleire bilete kjem etter kvart. Håper alle har hatt ei kjempefin juleferie og -feiring så langt, og her kjem romjulas sundagsliste:

✦ nydeleg soloppgang medan me åt frukost i går
✦ fin desemberliste inne hos Synne
✦ endeleg vere på kino for å sjå Fantastic Beasts & Where To Find Them
✦ vere ein tur ute på Langhus i går der me prata, spelte UNO, song og gjekk rundt juletreet
✦ ei litt rørande og fin reklamesnutt frå Eljøp
✦ artig på jobb: få tilbake bok som antakeleg har stått på ei pensumliste
✦ kjekt blogginnlegg med spørsmål om bøker og litteratur
✦ kjempefin soloppgang frå bilvindauget på veg frå Sola til Oslo
✦ som vanleg: finne gode bøker på jobb og lese i dei, litt kvar kveld
✦ julestemning inne hos Niina
✦ spelekveld med gode vener rett før jul
✦ fantastisk tur til Lutvannet no i dag
✦ hund som adopterer kattungar
✦ komme fram til ferdig risgraut etter mane timar i bil lille julaftan
✦ eit lite og søtt juletre med mange spennande gåver
✦ høyre på podcasten til einkopptetakk
✦ sjå Tre nøtter til Askepott på toget tur-retur Oslo-Langhus
✦ mykje bra quiz etter julegåveutdelinga i går :)

24. des. 2016

Julekorthelsing frå Stavanger

For sjuande året på rad har me laga julekort som me har sendt ut til våre nære og kjære. Årets julekortbilete er tatt ute i Vålandskogen, ikkje så langt å gå frå heimen vår. Med denne julehelsinga vil eg ønskje alle ei riktig flott julefeiring og ei super romjul (litt tidleg å seie godt nytt år)!

23. des. 2016

#2016bestnine

2016 var året der eg (endeleg) fekk meg ein Instagramkonto. Gjennom året har det til no blitt lagt ut dryge trehundreogåtti bilete, og det er vel ikkje til å leggje skjul på at det har blitt posta oftare etter at eg arva ein iPhone av mamma. Det er gått over ei veke sidan eg samla saman dei ni mest likte bileta på 2016bestnine.com, og sidan den gong er det vel dette sju år gamle biletet som er det biletet som er aller mest likt. Men dei ni bileta i kollasjen oppsummerer likevel godt korleis året mitt har vore: bøker og kaffi, haustfargar og -lyset, bøker Madla bibliotek og peparkakebyen på Sølvberget, små prosjekt som eit hekla panneband og bordkorthaldarar av leire og større prosjekt som det å hekle eit bestemorsruteteppe. Puh. Noregsferien vår, små og store turar ute, alt Harry Potter-relatert og spelekveldar med fine folk er jo også andre kjekke høgdepunkt. 2016 har vore eit bra år med mange fine opplevingar (om ein ser bort frå masteroppgåvestyret). No er me på veg til Oslo der me som sagt skal feire jula i år. Lille julaftan er her, no er det berre til å senkje skuldrene.

22. des. 2016

Kvite og fine tulipanar

Ingen av oss kan vel skryte av at me er noko særskilt gode på å kjøpe inn fine blomar til heimen. Så då ei av dei som var på besøk her førre tysdag kom med vakre tulipanar, tok me hjarteleg imot. Å pynte heimen med blomar er jo i grunnen veldig fint og dekorativt, så her kan me absolutt bli betre ;) Kanskje eit mål for neste år?! Eit lite og kvardagsleg blogginnlegg no rett før julefeiringa tar til.

21. des. 2016

Magisk lys over byen

Sjølv om november i år kanskje har vore den aller finaste månaden med alle haustfargane og lyset ute, har desember vore fin den også. Førre veke fekk me oppleve nokre magiske soloppgangar, og då me gjekk rundt Mosvatnet hand i hand onsdagskveld, var det ein like magisk solnedgang å oppleve, berre ta innover seg det vakre synet. Slike opplevingar er gull verd no i mørketida.

19. des. 2016

Stor ståhei på kjøkkenet

I år som i fjor, blei det julekakebaking på kjøkkenet her hos oss no i helga. Det heiter jo at "jo fleire kokkar, jo meir søl", så mannen min lagte heller middagen litt seinare på dagen medan det var broren min og eg som stod for sjølve julekakebakinga. Sjokoladestenger og serinakaker stod på planen, og desse to slaga blei det. Kanskje ikkje sju slag, men ikkje så aller verst likevel :)



Sjokoladestengene er dei aller, aller beste – ingen over, ingen ved sidan av (og deigen er vel så god som det ferdige resultatet)! No som me har gjort dette to år på rad, er det vel nesten for ein tradisjon å reikne. Julemusikk på full guffe, mel på nasetippen, hygge. No kan jula berre komme!