31. juli 2016

Ei fin liste siste dag i juli

Både litt rart og ganske fint å vere heim igjen. Tre veker på farten, og "knips", plutseleg var me heime igjen. Heile juli månad er gått, og i morgon er det august. Kor i alle dagar blei sommaren av?! Neida, eg satsar på nokre fine og solfylte dagar også i den åttande månaden :) Helga er snart slutt, og eg har så klart ein heil haug med fine lenkjer og andre kjekke ting å dele med dykk:

✦ sove i vår eiga seng etter tre veker på farten
✦ denne vakre instagramkontoen
✦ leite etter steinslipte glasbrota i fjæra på Sjøholt
✦ Sandra deler sine enkle og gode loppistips
✦ slappe av med endå ein reise på hurtiguta (Molde-Bergen)
✦ endeleg høyre ferdig høyrespelet Tordivelen flyr i skumringen (barndomsminne de luxe)
✦ nydeleg bileteserie med eit par som har vore gift i sekstitre år
✦ at me etter eit drygt år endeleg hugsa å ta i bruk tacosettet vårt
✦ "En sommerdrøm" – vakkert skrive inne hos Tiril
✦ stikke innom bruktbutikken Kyrkjetorget måndag kveld
✦ lo godt av dette Batman-biletet
✦ så kul hagestove med gjenbruksmøblar
✦ besøke ei god veninne og hennar kjæraste på Bjorøy utanfor Bergen
✦ ein viktig tekst om det å kunne kople av frå sosiale media, skriven av Johanna
✦ løyse kryssord på hurtigruta
Harry Potter-bryllaup og desse Harry Potter-illustrasjonane
✦ gå ein liten tur rundt Vannassen i sommarregnet
✦ Synne sin tiande podcast – alltid like moro å høyre på :)

30. juli 2016

Breiavatnet v7

Godt å komme heim igjen! Har opplevd så mykje, sett vakker, norsk natur og fått treft så mange folk. Alt dette skal fordøyast, og det er rett og slett avslappande å kunne komme heim til eiga seng, ei stove som er vår, vår heim. Me tok bussen frå Bergen til Stavanger sentrum i går, og før me tok bussen heilt heim, fekk eg tatt nokre bilete av det fine Breiavatnet. Vanskeleg å få til å ta bilete på nøyaktig same stad kvar gong, men likevel moro å sjå korleis vatnet ser ut for kvar månad som går.

29. juli 2016

Giskemonibba

Endå eit bileteras, men sånn er det når landet me har feriert i er fullt av fine motiv og flotte landskap! Me er no heime i Stavanger. Sjølv om det har vore tre fantastisk fine veker, er det borte bra, men heime best. Fantastisk var det i alle fall, heilt definitivt, på turen vår opp til Giskemonibba førre veke. Toppen ligg 687 meter over havet, men me gjekk ikkje absolutt alle høgdemetrane berre sånn at det er sagt. Klarer du forresten å sjå "trollbittet" i fjelltoppen på biletet rett over?!


Rundt omkring på alle kantar var det små stiar, grønt-i-grønt, blå himmel og høge fjell. Mange høge toppar. Slik er det når ein går tur på Ørskogfjellet. Me møtte eit par andre som var ute og gjekk, men for det meste var det berre oss, nokre froskar, sauer og naturen. Akkurat passe.


Sjølve turen opp er ikkje så lang, men eg er ikkje den aller beste på å gå toppturar. Utsikta som møtte oss var no i alle fall verd det! Får jo stjernar i auga av å sjå slik natur. Så vilt, så vakkert!


Fekk tatt nokre bilete av kvarandre med store smil, og ei av dei me møtte på toppen såg at me prøvde å ta ein "fjellfie" (selfie) og sa at ho kunne godt ta eit bilete av oss. Den fine utsikta kom nok ikkje med på biletet, men veldig koseleg å ha eit slikt foto av oss begge to for det om :)


Måtte komme oss ned frå toppen etter kvart, men nokre ekstra bilete av utsikta ville eg ha!



Ned igjen gjekk me ein annan veg enn det me kom. Me gjekk forbi dette fine fjellvatnet før me etter kvart kom til Høgsetra der me då møtte nokre sauer som stakk då dei såg oss. Til slutt var det ned ein skogsti til me kom til Valgermo. Stien ned var ganske bratt, og me syntest sånn sett at heimvegen var tyngre enn å gå opp til Giskemonibba. Men turen var no likevel utruleg fin og bra!

27. juli 2016

MS Vesterålen

Om ikkje så mange timar seier me "ha det" til Sjøholt og Sunnmøre og set kursen mot Bergen. Og som for halvanna veke sidan, kjem me til å reise med hurtigruta. Bileta i dette innlegget er altså frå turen vår mellom Trondheim og Molde. Me reiste med MS Vesterålen, ein av dei minste båtane.


Då me dro frå Trondheim, var det grått og litt surt ute, men ut måtte me likevel. Sjå på landskapet, kjenne vinden i håret, vinke farvel til bartebyen. Posere for fotografen måtte me jo begge to ;)


Interiøret inne i båten er prega av at skipet er av den litt eldre årgangen, men pyttsann. Koseleg er det no uansett, og så er det jo litt sjarmerande. Me sat ein god del i salongen som visast på dei øvste bileta. Bilete nr. tre er frå kaféen der me åt lunsjen vår, og det siste er frå panoramasalongen.


Nokre koppar med kaffi og ei god bok er alltid greitt når ein er på tur ;) Mannen min hadde tatt med seg den lille kikkerten, og då me sat litt oppe i panoramasalongen, tok han den fram og kikka ut gjennom vindauga. Ein kan såvidt skimte Atlanterhavsvegen på bilete rett over.


I Kristiansund var det sol og blå himmel. Gjekk ut for å trekke frisk luft og sjå utsikta over byen.


Fjell, fjell og høge fjell. Har sett mange av dei i løpet av denne lille Noregsturen vår.


Til slutt såg me land i sikte, nærmare bestemt Molde. Då var klokka halv ni på kvelden og me hadde seilt sidan ti om morgonen! Ferja over fjorden såg me også, og det aller siste biletet i dette innlegget er tatt nettopp på ferja. Så nydeleg solnedgang og ein fin start på ferien vår her på Sunnmøre :)