30. okt. 2015

Fint med fargar!

No byrjar det å bli nokre veker sidan eg tok desse bileta. Dei tre øvste er tatt på Langhus då me var der, dei to nedste er tatt her heime for omtrent to veker sidan. Alle dei fine fargane ute er no på veg til å bli grå og brune, og då er det litt ekstra fint å ta fram så fargesterke bilete :) I kveld skal me på Mozart-konsert i konserthuset i byen. I morgon blir det heimedag med oppgåveskriving, husarbeid og film før eg tar ei ekstravakt på jobben på sundag. Håper alle får ei superduper helg!

28. okt. 2015

"Always"

For halvanna veke sidan bestemte eg meg: dette kruset som eg hadde sett med ut i denne Etsy-butikken, skulle bli mitt! Som sagt, så gjort. På laurdag fekk eg henta det på postkontoret, og no har eg byrja å bruke det. På kruset kan ein lese eit sitat frå den aller beste bokserien, eit sitat dei aller fleste Harry Potter-fan kjenner til. Kruset er så enkelt og samstundes så elegant. Og så var det pakka inn i ein søt, liten boks med namnet mitt på. Nytrakta kaffi i eit Harry Potter-krus, noko som for meg er ei lita kvardagsglede og oppmuntring medan eg jobbar med masteroppgåva.

26. okt. 2015

Herleg tur rundt Stokkalandsvatnet

Etter mange timar med øving førre laurdag, var det så utruleg godt å komme oss ut, lufte tankane og få rørt på kroppen. Me køyrde berre eit par minuttar frå øvingslokalet før me kom fram til destinasjonen: Stokkalandsvatnet i Sandnes. Løypa rundt vatnet er berre 4 km., men det var akkurat passe for oss då klokka byrja å nærme seg halv fem på ettermiddagen. Det var så fint ute med sol, fargar rundt omkring i naturen, dyr som beita, togspor frå den gamle Ålgårdbana og siste del av Planetstien. Er så utruleg kjekt å oppdage nye plassar og stiar, særskilt etter ein lang dag.

25. okt. 2015

Oppsummering veke 43

Ei veke med mykje åleinetid, masteroppgåve på godt og vondt og jobbhelg er no snart over. Mannen var borte på seminar frå måndag til seint utpå torsdag. Eg er ikkje så god på å stå opp eller å leggje meg åleine, men det gjekk overraskande greitt (men utruleg godt å få han heim igjen, altså). På fredag og i dag blei det ein del timar på jobb, men me fekk gjort mykje i går som ikkje var skule- eller jobbrelatert: måla litt meir inne på soverommet, gjekk ein tur i regnvêret og på kvelden var me på ein kjempekjekk fest hos eit venepar av oss :) Mange fine ting på lista denne veka:

✦ så tøft å måle eit hus i 16 forskjellige fargar
✦ finne den perfekte turgenseren med ein heilt nydeleg farge :)
✦ blir så glad og rørt av denne videosnutten frå Horten om fine kattar på ein sjukeheim
✦ høyre på den nye CD-en til Glen Hansard, kose meg med all den gode musikken
✦ alltid så mykje søtt hos cuteoverload: to kattar og ein snigel, denne lille kattungen som blir redda frå ein veldig trafikkert veg, ein skjønn og merkeleg skapning og også dette morosame innlegget
✦ stor og vakker fullmåne på veg heim frå jobb
✦ denne boklista inne hos Ida; no er det berre til å setje i gong og lese ;)
✦ "26 Things You Learn When You Date Somone Who Loves Harry Potter", Galtvort av papir (heilt fantastisk liten video) og denne som viser "honest book titles"
✦ få mannen min heim igjen
✦ le høgt av denne treffsikre musikkvideon av Ylvis :)
✦ sjå den siste episoden i fyrste sesong av Poldark
✦ lese denne sterke historien
✦ måle endå meir inne på soverommet
✦ finaste bileteserien med menn som viser kjensler
✦ vere på fest hos eit venepar med veldig kjekke folk
✦ dette blogginnlegget var som å oppleve Gardermoen etter Rhodos-turen på ny
✦ få det finaste Harry Potter-kruset i posten i tillegg til julekorta våre for dette året
✦ "The future is now!" – kjekt blogginnlegg hos Synne (og dette oppfølgingsinnlegget)

Bittesmå garnprosjekt

Garn er eit materiale det alltid er kjekt å jobbe med. Temaet denne månaden i Monthly Makers har vore nettopp det. Har lagra så mange fine prosjekt med garn som materiale opp gjennom åra, mange med utgangspunkt i hekling og strikking. Problemet var berre å finne eit prosjekt eg verkeleg ville gjere. Men med ferie, oppussing, konsert og oppgåveskriving har eg ikkje hatt overskot til å finne fram og setje i gong med eit litt større prosjekt. Noko fann eg likevel på: nemleg å dekorere ein gammal chipsboks til å bli ein boks for spagetti. Har hatt boksen ståande lenge, så det var utruleg kjekt å endeleg få gjort noko med den. Og resultatet blei jo eigentleg ganske okei :)


Laga også nokre enkle bokmerke med både dusk og hale ved hjelp av ein gaffel og saks i tillegg til litt garn. For eit bokmerke eller to får ein alltid bruk for, i alle fall når me begge to er ganske så glad i bøker :) Oppskrift finn ein her. Nokre små, men veldig praktiske prosjekt denne månaden.

24. okt. 2015

Minigolf

Så klart måtte me jo prøve ut minigolfbana ved hotellet. Utruleg lenge sidan sist, og sjølv om det var mannen som var mest gira, må eg vel berre innrømme at det var ganske så artig. Hugsar ikkje akkurat kor mange baner det var, men for oss var det heilt passe, og banene var også passe ulike.


"Ta bilete av meg no!" Litt posering med hatt, solbriller og minigolfutstyr måtte jo til ;) Kanskje ikkje det mest praktiske antrekket når ein skal spele golf, men det var no slik det blei. Sjølv om hatten ikkje er den aller finaste i verda og "turistete", var den veldig grei å ha når sola var så sterk.


Då me kom til bana på det nedste biletet, var me begge litt reserverte, for den såg vanskeleg ut. Men han klarte den på to slag, og eg, joda, hole-in-one! Okei, mannen vann sånn totalt sett, men det var berre eg som klarte å treffe eit av hòla på det fyrste slaget! Kjekk aktivitet å prøve på ferie :)

22. okt. 2015

Nokre tankar og tips om bryllaupsplanlegging

Dette innlegget har eg lenge hatt lyst til å skrive, men eg merkar at det ikkje er så lett å setje ord på alle tankane og minna eg har etter bryllaupet. Me bestemte datoen i februar 2014, nesten halvanna år før sjølve dagen. Som du skjønner har det vore ein lang prosess, og dagane, for å ikkje seie vekene, etter bryllaupet var som eit stort vakuum. Å planleggje eit bryllaup var nok litt meir stress og tidkrevjande enn det eg såg føre meg då me fyrst byrja det heile. Det var så mange detaljar som skulle på plass, både store og små, så kanskje me burde ha hyrt ein bryllaupsplanleggjar?! Neida, alt i alt er eg utruleg glad for at me gjorde så mykje sølv som det me gjorde. Slik fekk me vårt preg på det, akkurat slik me ville. Me sit igjen med så mange fine minne, og me er definitivt mange erfaringar rikare. Nedanfor har eg lista opp ti punkt som eg håper kan vere til nytte for andre:

1. Ikkje tenk at alt må vere hundre prosent perfekt. For kva er eigentleg perfekt?!
2. Viss de har mogelegheit til det: byrj planlegginga tidleg, dei siste månadane går fort!
3. Sett opp et budsjett og prøv å halde deg til det. Kva vil de prioritere og kor kan de spare? Kva for eit type bryllaup og kor mange gjester? Eg skal vere ærleg på å seie at me gjekk litt over budsjettet, men me var no ganske nøkterne i utgangspunktet. Spør også om foreldra har moglegheit til å hjelpe. Våre hjalp til med ein lik sum, men me hadde spart kvar månad i nesten eitt år, så me klarte å betale nesten halvparten av alle utgiftane sjølv.
4. Spør om hjelp, både frå familie og venar. Rett før jul i fjor inviterte eg nokre av mine beste veninner heim på jentekveld kombinert med litt bryllaupsworkshop. Veldig sosialt og veldig praktisk. Me fekk mykje hjelp frå våre foreldre om alt frå råd til kven som kunne køyre bilen etter vigsla. Berre dagar før bryllaupet kom ei av veninnene mine heim til meg for å hjelpe meg å brette kyrkjeprogram og klippe ut menykort. Ein treng ikkje å gjere alt sjølv heile vegen.
5. Ikkje ver redd for å gå dykkar eigen veg. Me sa "nei" til å ha ein profesjonell toastmaster i bryllaupet, det er verkeleg ikkje oss. Eg var fast bestemt på å fikse håret ved hjelp av forlovaren min og ikkje hos ein frisør. Og eg er så glad for at me gjorde det slik.
6. Men lytt likevel til råd der du verkeleg ikkje har peiling, som til dømes bordplassering og transport av gjester til og frå kyrkja.
7. Ikkje sammenlikne dykkar bryllaup med andre sine bryllaup. Alle har kvar sin måte å gjere det på: nokre køyrer open bar, andre eit bryllaup heilt utan alkohol. Nokre har hageselskap og andre har bryllaup tre dagar til ende på eit lite slott.
8. Når den store dagen kjem, hugs å senke skuldrene og kos deg! Det er dykkar dag!
9. Kos deg også med alle førebuingane og etterarbeidet (velje ut bilete, lage takkekort, pakke ut gåver osb.)
10. Til slutt eit lite tips frå mannen: "slapp av, det ordnar seg!"

21. okt. 2015

Og litt frå området i dagslys

Mellom skriving og lesing er det eit fint avbrekk å sjå litt på bileta frå turen vår. Her kjem då altså nokre bilete ved hotellet om dagen, i motsetning til i går. Hotellet er ganske så stort, og med ein god del gjestar, men det var alltid ei solseng ledig, både ved bassenget og nede ved stranda.


Me prøvde berre det eine bassenget (i tillegg til tempen i sjøen), men på Lindos Princess finn ein tre store basseng, både med og utan sklier. Ein finn også nokre små basseng, så her er det noko for alle. Har jo også bilete frå då me var uti ein tur, men som nemnt så kjem bileta litt etter litt.


Palmar og fargerike blomar og buskar. Alltid like eksotisk ;)


Til slutt, då me stod og venta på bussen som skulle ta oss til flyplassen, tok eg fram det lille kameraet og knipsa nokre bilete av inngangen til hotellet. Turen var snart over. Og eg lover: i neste Rhodos-innlegg skal eg hugse å leggje ved nokre bilete av oss og ikkje berre omgjevnadane!

20. okt. 2015

Ved hotellet by night

Hotellet me budde på heiter Lindos Princess og ligg vel eigentleg i Lardos (men berre ein liten busstur unna Lindos). Me tinga reisen vår gjennom Ving, og me er vel stort sett veldig nøgde med å ha tinga alt i ei pakke. Her er nokre bilete av området om natta, med masse lys i mange fargar.


Så klart hadde hotellet dei "obligatoriske" fontene med fargerike lys i botn. Er det noko eg hugsar frå Hellas-turane med familien då eg var lita, så er det desse ;) Og dei er jo enno fascinerande!


Lindos Princess er eit all-inclusive-hotell, og sjølv om me ikkje var nede i baren kvar kveld, var me jo nede og smakte på nokre av drinkane eit par av kveldane (og det blei drukke mykje cappuccino).


Er alltid så fint å kunne sjå ein vakker solnedgang, for meg er det er på ein måte noko ganske så magisk over det. Det nedste biletet tok eg frå balkongen vår ein av dei siste dagane på Rhodos.