30. apr. 2015

Om ein månad...

... er den store dagen her. Plutseleg er det berre ein månad igjen til me blir mann og kone. Mange tankar og kjensle fyk omkring inni meg, for det er her så stort, noko ein ikkje gjer kvar dag. Likevel er eg sikker nettopp fordi me kvar dag vel kvarandre, me vel å halde saman, vere kjæraster, vere ei støtte for den andre. Me vel å jobbe for forholdet, å snakke om kjensla våre og me vel å gifte oss. Me vel å satse på kvarandre. Tenk at etter ein filmkveld i desember 2008 har det vore oss to. Eg var atten, han var tjuetre. At me no sit her, nesten seks og eit halvt år etterpå, framleis saman, med eiga leilegheit og snart mann og kone, er ikkje noko eg såg føre meg der og då. Men eg er så takknemleg og glad for det no. For du gir meg så mykje glede i kvardagen, du er min støtte når dagen er grå. Du får meg til å le og du får meg til å kjenne ei ro og varme slik berre du kan. Du utfordrar meg ved å seie "det ordnar seg", for når det stormar som verst, ser eg ikkje at det ordnar seg, og eg blir berre meir irritert. Men du har jo rett, for det meste ordnar seg. Du får meg til å kjenne meg elska, uansett om eg står foran deg i kjole og med sminke i fjeset eller om eg ligg godt under dyna med morgontryne og håret til alle kantar. At me om ein månad seier "ja", kjennast så stort, så godt og så uverkeleg, men sidan me kjøpte dressen førre veke, og me i går byrja på bordplasseringa, har det byrja å gå opp for meg (og om nokon lurer: det nedste biletet er tatt av vår bryllaupsfotograf). Om ein månad vel me kvarandre nok ein gong, denne gongen høgt, foran alle våre kjente og kjære 

29. apr. 2015

Vårglede

Ute er det så himla fint for tida. Når hovudet er fullt av tankar, alt frå eksamen til bryllaupet, er det utruleg godt å kunne komme seg ut og gå ein tur i nærområdet. Og når det i tillegg blomar overalt, kirsebærtre, kvitveis og desse fine gule greiene, kan det ikkje bli betre! Våren er noko av det aller finaste som finst, og det er så godt å ha noko å glede seg over når ein sit inne med heimeeksamen.

27. apr. 2015

Knallgrøne retrogryter

Måndag er her igjen, og den eine heimeeksamenen er endeleg levert! Har jo framleis den største igjen, ei oppgåve på sju tusen ord som har frist til 20.mai, berre ti dagar før bryllaupet. Som du skjønner, så blir det nokre travle veker med oppgåveskriving og bryllaupsplanlegging. Og så kjem det litt jobb, konfirmasjon på Austlandet og 17.mai oppå det heile. Ja, ja, det er jo ofte slik at mai er ein travel månad. Tenk at det snart er berre ein månad igjen til me giftar oss! Får så utruleg mange sommarfuglar i magen når eg tenkjer på det. Om berre ein dryg månad er me mann og kone, me seier "ja" foran dei som betyr så mykje for oss, me skal feire kjærleiken utover kvelden på Kronen Gaard Hotell! Okei, det var eigentleg ikkje det eg skulle fortelje om i dag ;) På bileta kan de sjå kva me kjøpte på loppemarknaden førre helg: me fann nemleg to kjempekule retrogryter som me (les: eg) ikkje klarte å gå forbi! Dei passar rett inn i bokhylla vår, og då særskilt saman med eit par av dei andre tinga som me har funne på loppemarknader og bruktbutikkar. Det kvite og blå egget er ikkje frå ein loppemarknad, men eg synest likevel det passar inn saman med akkurat dei tinga. Egget var noko av det eg fekk i posten som ei forsinka bursdagsgåve frå dei på Sjøholt :)

26. apr. 2015

Nybakt brød er helgeidyll

Lukta av nysteikt brød, er noko av det beste som finst. Kjærasten blanda saman ein brøddeig i går (han brukte denne oppskrifta, men måtte doble den for å få fylt ut leirgryta vår), lot den stå over natta og vips, så hadde me heilt ferskt brød til frukosten i dag. Så innmari godt! Helga har vore brukt til å skrive ferdig den eine skuleoppgåva, og så mykje meir enn det har vel ikkje skjedd. Sånn er det når ein er midt oppi eksamenstida. Sundagslista mi kjem seint, men godt, denne gongen:

✦ finne den perfekte bryllaupsdressen til min framtidige ektemann
✦ to fine blogginnlegg hos Ina: dette fine antrekket og "11 år siden den første samtalen"
✦ at den eine tanta mi var på Norge Rundt med nuperellesmykka sine :)
✦ vere ute på kafé med ei god veninne
✦ kjempefine kirsebærtre hos Synne
✦ under eitt døgn igjen med skriving på den eine av to heimeeksamenar
✦ "Problemet med kvinnene", og Mariell som skriv så bra om at det er lett å gløyme seg sjølv når ein planlegg eit bryllaup
✦ ete nystekt brød sundagsmorgon
✦ babyelefant, kattemor med ein liten kattunge og pingvinar hos cuteoverload.com
✦ kose meg med boka Når gjøken galer innimellom oppgåveskriving
✦ le av denne videoen med klare referansar til Harry Potter-universet, og også le litt av denne her
✦ så utrolig fint arbeidsrom hos Sandra, og denne fascinerande musikkvideoen
✦ leggje seg i nyoppreidd seng
✦ artig og kul boktrend, og ei sak om lopper og loppemarknad hos aftenbladet.no
✦ sjå at rosene me kjøpte førre laurdag enno er fine
✦ at det er komme stokkandungar i Mosvatnet, og denne historien frå New York
✦ "The story of a rescued bird" og "Love really hurts" – to fine saker med dyr i hovudrollene hos themetapicture.com

25. apr. 2015

Miniprosjekt med fyrstikker og måling

Fyrstikker, eller "tändstickor" på svensk, har vore temaet for Monthly Makers denne månaden. Det finst så utruleg mykje ein kan gjere med fyrstikker eller ei fyrstikkeske, og eg hadde lyst til å gjere noko liknande dette eller dette. Men tida strekk ikkje alltid til, og når det gjeld å lage noko med eit materiale som er så smått, treng ein litt tid og litt tålmod. Difor lot eg meg inspirere av Jess til å lage noko som ikkje direkte blir laga av fyrstikker, men der ein derimot bruker fyrstikker som ein liten del av prosjektet. Fann så dette måleriet på nettet, og då var det gjort. Tok fram ein tube med akrylmåling frå ei av hobbyeskene mine, fann eit A4-ark og nokre fyrstikker og laga så ei lita greie til å hengje på veggen. I alle fall enn så lenge. Vel, berre eit bittelite innlegg midt i oppgåveskrivinga på ein laurdag, og dette er då mitt lille bidrag til apriltemaet av Monthly Makers.

24. apr. 2015

Leseglede

I går var det verdas bokdag, og sjølv om eg er ein dag på etterskot, vil eg likevel ta fram og vise ei bok som har gitt meg mykje glede dei to siste vekene. Krim er kanskje ikkje den sjangeren som får deg til å tenkje i mange dagar etterpå, men av og til, sånn særskilt når ein har mykje å gjere (til dømes eksamen, bryllaupsplanlegging og jobb), så er ein på jakt etter noko ein kan lese utan å bry hjernen for mykje. Slik fungerer no for meg. Ikkje alle skriv like bra, ikkje alle klarer å halde spenninga opp, men nokre forfattarar kan det med å skrive så spennande at ein berre må lese litt til, litt til og endå litt til. Når gjøken galer er ei slik bok. Vanskeleg å forklare akkurat kvifor eg likte den så godt, for den er ikkje Agatha Christie-original, men likevel. Eg trur eg fall for karakterane og skildringa av personane, for eg kunne verkeleg sjå dei for meg. Har allereie reservert den neste boka i serien om privatetterforskaren Cormoran Strike. Og så er det jo litt ekstra kjekt at boka er skriven J.K.Rowling, forfattaren bak Harry Potter-universet :) Er no ferdig med krimboka, så i kveld, på senga før me sovnar heilt, kjem eg nok til å lese vidare i bok seks i det magiske universet.

22. apr. 2015

Dinah

Midt i oppgåveskrivinga og jobbing på Gamlingen, tar eg meg i å tenkje på reisa vår i fjor. Me har ikkje planlagt noko større tur eller reise i år, men ein skal ikkje sjå bort i frå at me tar ein tur i løpet av sommaren. Jo, me skal til Vinjerock i juli, så ei lita reisa står i alle fall på planen :) I løpet av dei tre vekene me var i Reykjavik og New York i fjor, opplevde me så utruleg mykje, og det er også noko av grunnen til at eg, nesten eitt år etterpå, framleis deler nokre bilete og innlegg her på bloggen. I dag vil eg rett og slett berre leggje ut ein haug med bilete av katten Dinah, den katten me passa dei seksten dagane me budde i Brooklyn. Trur aldri eg har møtt ein katt som mjauer så mykje, som elskar kos og som synest det var så gøy å leike (papir+snor=katteleike). Å passe på denne fine lille krabaten var ein stor del av opplevinga, og eg er så glad for at me valde akkurat den leilegheita då me tinga buplass via airbnb.no. Eit bileteras blei det i dag, men eg synest at Dinah fortener det!

20. apr. 2015

Ein laurdag, to loppemarknader

Både Kampen skolekorps og Våland skolekorps hadde loppemarknad på laurdag, og me fekk faktisk tid til å ta turen innom begge marknadene sjølv om me venta besøk og også det faktum at eg måtte skrive litt vidare på oppgåva. Fann ikkje noko på den fyrste marknaden, men utruleg kjekt å berre gå rundt og sjå. Gamle Frøken Detektiv-bøker, gamle ski og søt julepynt. På Våland spelte korpset før opninga, og det var ein kjempestor kø for å komme inn. Mange gamle teikneserieblad, tøft retromønster på eit plagg, fin vase, mykje folk og så himla mykje anna rart, akkurat slik det skal vere når ein er på ein loppemarknad. Me fann noko veldig fint til slutt, men det får komme i eit eiga blogginnlegg ;) Det som nesten var det aller beste, var det herlege vêret som me fekk kjent på før me drog heim igjen, og så var det veldig kjekt å høyre litt korpsmusikk igjen!

19. apr. 2015

Loppemarknad, bursdagsfeiring og andre fine ting

Måndag og ei ny veke nærmar seg. Hadde lite lyst til å sitje inne i svømmehallen i dag med det fantastiske vêret ute, men, men. Fekk no kjent litt på varmen frå sola i og med at eg sykla fram og tilbake :) Me hadde ein veldig fin og kjekk dag i går med både loppemarknader, bursdagsfeiring og den beste heimelaga pizzaen. I morgon blir det oppgåveskriving på dagtid (det er i alle fall planen) og så litt jobb på kveldstid. Under har du ei lita liste over fine ting og tang denne veka:

✦ to loppemarknader på same dagen. Kjekt å høyre eit korps som spelte før det opna, sjå så himla mange rare ting, finne noko fint og prisliste på ekte Stavangerdialekt
✦ kul "forfattarkunst"
✦ sykle heim frå jobb på fredag og sjå den fine solnedgangen ved Mosvatnet
✦ få forsinka påskeegg frå jobb
✦ høyre på denne songen med Peter Jöback (frå den svenske musikalen Kristina från Duvemåla)
✦ sjå heile to hegrar då eg sykla heim frå skulen på måndag
✦ sesong 3 av Ripper Street på NRK
✦ feire mamma sin bursdag
✦ bli inspirert til å prøve denne marmoreringsteknikken
✦ kino omtrent midt i veka (det var jo så klart den kule Kingsman: The Secret Service)
✦ gå tur med kjærasten og sjå at det blomar så fint på trea
✦ om å gå frå draum til verkelegheit – må jo få til å besøke denne kaféen
✦ kjøpe roser berre for å pynte opp litt i heimen
✦ titte på The Parent Trap på TV, og mimre tilbake til alle dei gongane eg såg den då eg var yngre

18. apr. 2015

Forsinka påskehare

Sjølv om eg måtte på jobb i går og sitje inne i ein svømmehall medan det var strålane vårvêr ute, skal eg ikkje klage. For når du kjem på jobb og får eit svært påskeegg i handa, er det ikkje så frykteleg ille å vere på jobb. Joda, det kom godt og vel to veker for seint, men kjekt er det jo likevel. Og sidan me fekk besøk i dag, passa det jo perfekt, for då hadde me noko å servere ;) Mamma, pappa og ei veninne av mamma var nemleg innom ein tur i dag. Kjempekoseleg med besøk, og mamma fekk blomar og gåver på bursdagen sin. Hipp, hipp hurra for verdas beste mamma!