31. juli 2013

På utflukt til Ørsta

Dagane går så altfor fort, og i morgon tidleg reiser me tilbake til Sola. Flyet går klokka sju, så me må nok stå opp tidleg i motsetning til det me har gjort dei siste dagane. På måndag tok me bussen til Ørsta der me skulle besøke ei veninne som eg kjenner frå kommunikasjonsstudiet i Kr.sand. Koseleg busstur og så var det endå meir koseleg og kjekt å treffe veninna mi igjen. Me tusla litt rundt i Ørsta sentrum, litt kaffi og kake på ein triveleg, gammal kafé, og så gjekk me opp til heimen hennar. Kjempefin utsikt! Det blei mykje snakking og elles ein god lunsj før me tok bussen tilbake i fem-tida. Kjem gjerne igjen ein annan gong. Var innom Kyrkjetorget, ein stor hall med brukte ting, litt som Fretex, då me gjekk av bussen her på Sjøholt. Like kjekt kvar gong å sjå om du finn noko. I går var me på Devoldfabrikken ute i Langevåg. Fabrikken har nemleg outletsal på produkt frå Devold, Norrøna, Bergans, SKOMAX og Moods of Norway. Eg fann ei fin ulltrøye frå Devold og ein nydeleg genser frå Moods of Norway :) Elles har me berre slappa av i dag; vêret har ikkje vist seg frå si beste side. Skal bli fint å komme heim til Sola igjen, for borte bra, men heime best. Men håpar det ikkje blir så altfor lenge til neste gong me kjem hit ein tur; har fått til to turar allereie i år :)

30. juli 2013

Fôringstid

Så var det tid for å få litt mat, for dyra altså, og me fekk med oss både mating av fiskane og av pingvinane. Batteriet på kameraet mitt var så klart tomt då me skulle sjå på pingvinane, så då måtte me ta til takke med eit mobilkamera; derav kvaliteten. Men nokre bilete blei det jo :)

Ein tur til akvariet

Atlanterhavsparken - akvariet i Ålesund. Dit tok me oss ein tur på sundag (han hadde faktisk ikkje vore der før). Kjempekjekk biltur med mykje bra musikk, og sjølve akvariet var ordentleg kjekt. Me såg fiskar i all slags fargar, skjelpadder, pingvinar, krabber og andre skapningar. Her kjem det nokre bilete av dei forskjellige fiskane, så får matinga av dei og pingvinane komme etter kvart.

28. juli 2013

Topp 5 – korpsminne

Sidan eg byrja i korps, Skolekorpset Sola, som tiåring i 2000, har eg vore med på så utruleg mykje kjekt, både musikalt og sosialt. Korpset har gitt meg så mykje glede, fyrst i skulekorpset og etter kvart også vidare inn i vaksenkorps. Seminar, kjekke folk, hytteturar, konkurransar, sommarturar og mykje artig og bra musikk. Denne lista vil i dag berre innehalde minne frå skulekorpset og ikkje dei to vaksenkorpsa som eg har vore med i, rett og slett fordi det ville vore vanskeleg å velje ut berre fem (det er allereie vanskeleg no når eg "berre" skal velje frå mine ni år i skulekorpset):

Tysklandsturen i 2007 - ein av dei aller kjekkaste turane med underhaldningskonkurranse internt i korpset, "The Extremes+3", fornøyelsespark, gehørspeling saman med eit korps frå Bergen, tur til Lübeck - marsipanbyen, bading på stranda og mykje lått og løye

Stavanger Open i 2008 - då me hadde temaet "sydentur". Veninna mi og eg var flyvertinner og me fekk blant anna låne ekte, gule redningsvestar

Filmmusikkonsert - hugsar så klart ikkje årstal, men opninga på heile konserten var "For Your Eyes Only" frå filmen med same namn og då med eit flygande leikehelikopter, akkurat som i filmen (berre at det var eit ekte helikopter i filmen)

Bulgaria - siste turen min med korpset (sommaren 2009). Varmt og godt vêr, underhaldningskonkurranse også her, dansing, bading, Rybaks "Fairytale", ja, ein ordentleg flott avslutningstur

Alle øvingane - med mykje prat, god musikk og fantastiske folk. Må innrømme at eg av og til tar meg i å sakne skulekorpset, for eg har verkeleg fått oppleve mykje med så mange fine folk, og ikkje minst vår fine dirigent som også var min instrumentlærar :)

27. juli 2013

Oppe på toppen










Og her kjem nokre bilete frå toppen. Som eg skreiv i går, gjekk me heile 418 trappetrinn før me var heilt oppe ved Fjellstua. Herleg å kjenne vinden i håret, sjå den fine utsikta, nyte sola. For dei som ikkje er så gode til beins, så går det eit lite tog oppover slik at dei aller fleste kan komme seg heilt opp til toppen. Eit lite blått og kvitt tog. Og så måtte me ta eit kjærastebilete som seg hør og bør ;)

På veg opp til Fjellstua






Her er me på veg opp til Fjellstua. Det var ein kjempefin trappetur, noko som me merka mest på veg ned ;) Fin utsikt hadde me heile vegen opp, og på det nedste biletet kan ein sjå sjølve Fjellstua. Når ein ser byen slik, ovanfrå og med alle sine spisse hustak, må eg seie at den er ganske så fin :)

26. juli 2013

Sommarhygge på Sunnmøre


Slik såg det ut her på Sunnmøre i går: strålande sol, grønt gras og fin kjærast! Me låg ute på graset med kvar vår bok, og utpå dagen tok me ein tur ned i fjæra. Der leita me etter slike fine sandblåste glasbrot som eg samlar på. Veit ikkje heilt korleis eg skal bruke dei enno, men ein eller annan dekorasjon skal eg nok få til. Herleg å berre ta livet med ro! Har vore ein tur på Moa for å handle i dag, og etterpå tok han og eg buss til Ålesund der me gjekk opp 418 trappetrinn for å komme til Fjellstua på Aksla. Fantastisk fin utsikt (bilete får komme seinare)! Tok ein is då me var komme ned, og var heime på Sjøholt då klokka var sju. Tenkjer det blir ein roleg kveld :)

25. juli 2013

Gladmatfestival og flytur



Årets Gladmatfestival byrja i går, og sidan eg slutta på jobb klokka ett og ikkje skulle ta flyet før klokka ti om kvelden, tok eg meg ein tur til byen rett etter jobb. Hadde nemleg nokre ærend, så eg var der ikkje berre for å sjå på "gladmaten" som me kallar det. Men eg må innrømme at med den varmen orka eg ikkje å gå noko særskilt inn i folkemengda, det blei med å sitje på torget og ta nokre bilete. Etterpå dro pappa og eg ein tur bort til mormor med is, noko som alltid er ein sikker vinnar. Pakka kofferten, åt god middag saman med resten av familien, tok det med ro, og litt over ni køyrde me bort til flyplassen. Sjølve flyturen var ein heilt ok tur der eg blant anna las ut ei bok. Tok så flybussen til Moa der eg blei henta av han der fine. Å, så kjekt det var å sjå han igjen! Kom fram til barndomsheimen hans litt over ett i natt, og me sov litt lenge utpå morgonkvisten i dag. Har nytt sola her til det fulle i heile dag, så får me sjå kva me finn på dei neste dagane :)

23. juli 2013

Sol, sykkelvêr og siste dag på jobb


Siste dag på Gamlingen er i morgon. Sommaren har gått litt for fort (gjer den ikkje alltid det, kvart einaste år?!). Eg har jobba i seks veker, og har til saman sykla ca. 350 km, akkurat ja, 35 mil (og så har eg tatt bussen nokre gongar, så eg har reist enno meir alt i alt). Det har vore seks fine veker med fine folk; siste veka også med fint vêr og mykje folk. På laurdag var Stavanger Aftenblad innom for å skrive om at Gamlingen enno lever. Anlegget skal nemleg rivast til fordel for Ryfast, og mange trur det allereie er rive. Men det skal stå i to år til. Artikkelen kan du finne her med bilete. Grunnen til at eg nemner dette no, er fordi me har merka forskjell berre frå laurdag til sundag på antall gjestar. Så klart: fint vêr har mykje å seie, men det var jo fint på laurdag også... Uansett. Det er i alle fall kjekt med fleire badegjestar :) Ein dag igjen, og når kvelden i morgon kjem, tar eg flyet til Vigra og buss til Sjøholt. Skal bli kjekt å sjå kjærasten min og hans familie igjen :)

21. juli 2013

Topp 5 – britiske dramaseriar


Britiske TV-seriar. Dei er så flinke på det, alt er så gjennomført. Kulissane, kostyma, skodespelarane, manuset... Så i dag skal eg presentere mine topp fem når det gjeld britiske dramaseriar. Krimseriane må eg nok ta ein annan gong; det er så mange som er så ufatteleg bra! Eg vel også å ikkje ta med miniseriar i betraktning (ein serie som fortel om ei enkel historie, og som ikkje går over tretten veker), for dei er det også mange av. Lista under er ei blanding av både historiske drama og og drama satt til notida. Og innimellom litt dramakomedie:

Downton Abbey - fantastisk fine kostyme, og så mange bra rollefigurar (ja, eg lever meg veldig inn). Ein serie som tar for seg livet til jarlen av Grantham, hans familie og deira tenarar. Historia startar med forliset av Titanic i 1912 og fram til 1921. Sesong fire er på veg (og som eg gleder meg).

Cold Feet - ein serie der me møter tre par i opp- og nedturar. Den er kategorisert som ein dramakomedie, noko som for min del førte til at eg grein av latter og av sorg

Heartbeat (og også spin-offserien The Royal) - 60-talet! Mange gode minne om fine laurdagar med denne serien på TV (på norsk: Med hjartet på rette staden). Eg var berre to år då den byrja, men eg har fått dei to fyrste sesongane på DVD, så no kan eg få med meg korleis det heile starta

The Tudors - historisk drama om kong Henrik den åttande (Henry VIII) og alle hans seks koner. Herleg musikk, ein del intrigar og fine mannfolk ;) Og så må eg berre seie at denne serien er ikkje heilt britisk, men sidan dei fleste skodespelarane er britiske, tar eg den med likevel.

Monarch of the Glen - skotsk musikk og aksent, fine landskap og herlege rollefigurar. Gjekk under namnet Kar for sin kilt her i Noreg, og serien er for meg nok eit bevis på at britane er gode på å lage TV-seriar

19. juli 2013

Hekla singlet...

...er no blitt til ei pute. Gjenbruk er ein kjekk ting, anten det å lage noko heilt nytt av noko gammalt eller det å kjøpe noko brukt og bruke det om igjen (til dømes ein kjole eller genser frå Fretex). Det øvste biletet tok eg i fjor då eg byrja på prosjektet. Men sidan symaskinen streika, fekk eg ikkje gjort det ferdig før no, eitt år etterpå. I og med at det var mamma som ein gong hekla singleten til meg, kan ein jo seie at dette er eit samarbeidsprosjekt (og ho har jo hjelpt meg litt med symaskinen, så me har faktisk jobba saman om dette). Resultatet er ei pute, ei fargerik ei, som kan passe rett inn når me flyttar neste år. Eg skal i alle fall ha ein del fargar i leilegheita, det er sikkert og visst :)

17. juli 2013

Stemning i eit lite skogholt


Skal snart til å sykle av garde til jobb. Åtte dagar igjen, og så set eg snuten mot Sjøholt og dei fine Sunnmørsalpane. Då eg sykla på morgonskiftet, var det ofte ein nydeleg soloppgang, og rundt Mosvatnet, der det er så mange tre, titta sola ofte forsiktig fram. Så utruleg fin stemning, og med det ein veldig fin start på dagen! Det kjem eg faktisk til å sakne med morgonskiftet ;)