30. mai 2013

Pelle og Pluto




Hels på Pelle og Pluto. Nei, det er nok ikkje Pelle og Pysa, dei to piratane frå Kaptein Sabeltann-verda, eg snakkar om (sjølv om ein fort kan lese feil og tru akkurat det...). Pelle og Pluto er to kattar som bur ute på holmen i Florø. Då me var der i konfirmasjonen for nokre veker sidan, fekk me helse på dei, og eg måtte jo ta nokre bilete i same slengen. Pluto, katten på det nedste biletet, har til og med trøysta meg ein gong då eg sat og grein til Forrest GumpEg er jo eit kattemenneske og har veldig lyst på katt sjølv ein gong. Eller kanskje me heller skal bli fosterkattforeldre. Eg høyrde det i går av ei veninne at det går an. Faktisk. Det hadde vore noko, det. I mellomtida får eg nøye med med desse bileta og andre fine, herlege og artige bilete av kattar, og Pluto har jo sin eigen blogg :)

28. mai 2013

Lysare dagar, varmare vêr, sommarferie...

Motivasjonsbilete. Trur eg treng det no, no i dag. Her er det lite motivasjon for å lese til dei to siste eksamenane; eg har jo lese i over ein månad no, på akkurat det same stoffet! I tillegg skal det regne ned ute, og det at vêret er grått og trist, hjelper verken på motivasjonen eller på humøret. Så difor eit lite bilete med mykje fargar, nesten sommar, strålande sol og blå himmel :)

26. mai 2013

Topp 5 – akkurat no


No. Akkurat no. I denne augneblinken. Det er mine topp fem denne sundagen. Så klart er det noko som alltid vil vere på ei slik topp fem-liste, til dømes familien min, kjærasten min, Dumbo, mine vener, trombonen min... ja, de skjønner. Men eg har i alle fall prøvd å plukke ut mine topp fem, akkurat i dag, her og no (om eg då altså ser bort i frå dei nemnde ovanfor):

sol - denne helga har vore prega av skikkeleg sol og sommarvêr, og eg diggar det

Inspector Morse - eg byrjar å nærme meg slutten på denne krimserien, noko som eg eigentlig ikkje liker (men om eg vil det, kan eg jo berre sjå den om att og om att og...)

lesebrettet mitt - nei, eg har ikkje konvertert for godt, men når eg fyrst har eit lesebrett, er det kjekt å bruke det (og det er veldig praktisk å samle bøkene på ein stad)

speilreflekskameraet - i påska kjøpte eg meg mitt fyrste speilreflekskamera, brukt, men det funkar og det er så utruleg kjekt å ta bilete med bra fokus, særskilt no som det spirer og gror

kirsebærtre - dei lyserosa blomane som blomar på eit slikt tre, er berre nydelege å sjå på

25. mai 2013

Mat, drikke og god stemning

Stearinlys, fine serviettar, god mat og drikke og kjekke folk – alt dette skaper ei god stemning. I går hadde me nettopp det. Mykje "lått og løye" var det også, så kvelden i går blei ein finfin kveld med andre ord. Håper me får nokre fleire slike dagar og kveldar med varmt og herleg vêr, for å grille og snakke med fine folk til langt utpå kvelden, det er så innmari fint, det. Det er nesten sommar.

24. mai 2013

Grilling med fine folk


Her i Kr.sand har det vore kjempefint vêr i dag. Heilt fantastisk! Ta ein dag fri, gjere noko heilt anna enn å lese pensum, nyte sola og nyte tida med gode vener. Me blei nemleg invitert på grilling saman med nokre av folka frå korpset (vaksenkorpset så klart), og det blei ein kjempefin og kjekk kveld. Eg prøvde meg til og med som grillsjef. Før grillinga var han ein tur på skulen, mens eg tok i eit tak her heime med støvsugaren, vasking av klede, eg øvde litt på trombonen og til slutt sat eg ute i sola med pensumboka (ok, så litt pensumlesing blei det) og lesebrettet mitt. Rett og slett ein alle tiders dag! Får sjå om eg legg ut nokre fleire bilete frå kvelden i løpet av helga :)

22. mai 2013

Gult


Blå er favorittfargen min, og då særskilt den kongeblå fargen. Rett bak kjem turkis, så raud, så er det kanskje lilla, og så... Eg er jo generelt ein fargerik person, så sjølv om kanskje ikkje gult er den fargen eg liker best, så er det kjekt å ha nokre plagg og duppedittar i forskjellige fargar, også i gult. No som det spirer og gror for fullt ute, er det så mange fargar å sjå, og gult er ein av dei. Eg blir så glad, så glad. Fargar gjer livet så mykje enklare, fargar gjer meg glad, eg blir lettare til sinns, meir motivert (og motivasjon trengst i desse tider...). På tapetet i dag stod det fyrst pensumlesing (i dag: språkhistorie), og då det var gjort, blei det ein tur til Sørlandsparken. Me hadde ein del ærend som var greitt å få unnagjort, men me orka ikkje å stresse. Me brukte god tid, åt middag og tok oss til og med ein runde på Living. Såg på sofaer, bord og generelt interiør; har så lyst til å kjøpe ei eiga leilegheit no, sånn no med ein gong. Eg vil så gjerne innreie ein heim, ein heim som berre er vår. Men eg får vel fortsette å drøyme litt til. Ein gong blir det jo vår tur, berre ikkje akkurat no.

20. mai 2013

Sol og utefrukost



Frukost ute i hagen. Ein kopp med god kaffi i handa. Etter kvart kjøle seg litt ned inne, og så ta turen ut igjen, denne gongen til eit svaberg i nærleiken. Sitje ute ved havet, kjenne vinden i håret, nyte sola. Lese ei god bok, nyte augneblinken. Høyre sjøen slå inn mot land, sjå flagget vaie i vinden. Det var vår realitet i går. Fyrste pinsedag 2013, ein dag med mykje sol, ro og tid til å slappe av. Sjølv om det er heilagdag i dag, har me vore ein tur på skulen og med det prøvd å komme i gong igjen etter nokre dagar med fri frå alt som heiter skulearbeid og pensumlitteratur. Kanskje ikkje den mest produktive dagen, men no er me i alle fall i gong fram mot dei siste eksamenane.

19. mai 2013

17.mai-kveld

Resten av 17.mai såg slik ut: han hadde fått fine roser med ei 17.mai-sløyfe frå skulekorpset, til middag laga me heimelaga spaghetti carbonara og til dessert testa me ut denne oppskrifta på heimelaga bringebæris toppa med nokre mangobitar. Kanskje ikkje det mest sunne, men det er berre 17.mai ein gong i året, og 17.mai er jo den store isdagen ;) På skjermen blei det Snikende tiger, skjult drage og fredagskrimmen. Ein veldig fin 17.mai i år også med andre ord :)

Topp 5 – bøker eg har lese meir enn ein gong

Vekas topp fem er, som tittelen seier, bøker som eg har lese meir enn ein gong. Då eg skulle plukke ut kandidatar til lista, oppdaga eg at mange av bøkene som eg faktisk har lese meir enn ein gong, er bøker som eg las fyrste gong då eg var mellom ti-tolv år, kanskje tretten. Eg veit ikkje, kanskje fenga bøker meg på ein annan måte då enn no. Ikkje for det, lettrørt som eg er, er det mange bøker eg har lese i dei seinare åra som har fått meg til å grine eller le, bøker som enno sit i hugsen. Men likevel. Kanskje er det noko med kjensla av å oppdage ei bok når ein er i tenåra, å berre setje seg ned og gå inn i ei eiga verd, gløyme alt det som er rundt ein. For min del har eg i alle fall det siste året slukt så mange bøker i studiet mitt at eg ei stund ikkje såg gleda i å lese. Heldigvis har det endra seg, og etter at eg i tillegg fekk gavekort på digitalbok.no til bursdagen min, har eg mange bøker på lesebrettet mitt som ventar på meg. Nokre av bøkene som ikkje kom med på lista denne gongen, var Frøken Detektiv-romanen Mysteriet med de 99 trinn (eg aner ikkje kor mange gongar eg har lese denne boka) og omtrent alle bøkene til Anne-Cath. Vestly og Agatha Christie. Dei får kanskje ei eiga liste ein annan gong... Den endelege lista kan de sjå nedanfor:

Den hemmelighetsfulle hagen av Frances Hodgson Burnett - det var mormor som fyrste gong tipsa meg om denne boka, ei bok om ei sta jente, ein like sta gut og ein hemmeleg hage

Greven av Monte Cristo av Alexandre Dumas d.e. - eg har sett to filmatiseringar, ein TV-serie og eg har lese boka, både den i tre bind og den forkorta utgåva, mange, mange gongar; ei historie eg ikkje går lei av

Kabalmysteriet av Jostein Gaarder - lenge sidan sist gong eg las denne, men eg hugsar enno kjensla av å bli slukt inn i boka, inn i ei verd av kveitebollar, biltur til Hellas og rare hendingar

Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe - det same som den ovanfor: ei bok med mystikk og spenning som verkeleg grip deg (eg har lese boka, høyrd den som lydbok og som høyrespel)

Historien om Helen Keller av Lorena A. Hickock - i ein periode lånte eg mange bøker i "Historien om"-serien frå biblioteket, og historia om Helen Keller var, og er, min absolutte favoritt (noko av grunnen til at denne boka fenga sånn, er det faktum at eg veit at historia er sann)

17. mai 2013

"Det er Norge i rødt, hvitt og blått"





Gratulerer med dagen, alle saman! Sit no her i sofaen og berre slappar av etter ein dag med to tog, ein del regn, mykje gåing, is, bunad, alt det som høyrer 17.mai til. Hipp, hipp hurra!

15. mai 2013

Te gir også hygge på ein regnvêrsdag


Det er ikkje så ofte, men av og til smakar ein kopp te betre enn ein kopp kaffi. Etter kvart som åra har gått, har eg blitt meir og meir glad i kaffi – ordentleg kaffikjerring med andre ord. Men til lunsjen vår i dag slo me til og tok oss ein kopp med te; eg med mangosmak, han med ferskensmak.

Mykje hygge med regnvêr ute


I kveld skal det hølje ned her, verkeleg hølje ned. Det har så smått byrja å regne ute, så får me sjå om vêrvarslinga slår til eller ei. Å ta bilete ute når det regner, av alt det grøne, gule og raude, blanda med gjennomsiktig regndropar, det er ikkje så aller verst, det.


Etter ei lang (men veldig kjekk) konfirmasjonshelg i tillegg til eksamenen og dugnaden på måndag, kjenner eg at skuldrene har senka seg. Eg tok ein ordentleg fridag i går, og det gjorde godt. Trur ikkje eg får gjort så mykje fornuftig før 17.mai er over. Det er enno tre veker til dei munnlege eksamenane og eg trur eg treng nokre dagar der eg berre slappar av og tar det heilt med ro. Eg kan ikkje sitje og lese tre veker i strekk kvar einaste dag, kan eg?! Det blir i alle fall ein roleg kveld her, berre oss to, ein kaffikopp og sikkert ein film også. Det er midt i veka, men det må vere lov til å roe ned, sitje i sofaen under eit pledd og berre nyte kvelden.

13. mai 2013

Konfirmasjon del 2

Eg tok så innmari mange bilete i helga, og eg kan ikkje leggje ut alle. Men her kjem i alle fall del to, så kan det jo hende at eg legg ut nokre bilete i ny og ne av ein katt ute på holmen, av folk og fe og av oss to – kjærasteparet. For de av dykk som lurer: eg legg bevisst ut få nærbilete av personar fordi det er jo ein gong slik at ein faktisk skal spørje den personen det gjeld om biletet kan liggje ute på nettet. Og forresten: eg er no ferdig med mine to skriftlege eksamenar! Satt på Flesland og las i går, kom heim litt før ti (på kvelden), og stod opp litt over sju i dag tidleg. Sjølve eksamenen gjekk sånn midt på treet; eg er berre glad eg er ferdig. Skal slappe litt av før eg etter kvart byrjar å lese til dei munnlege eksamenane. Kos dykk med bileta, så skal eg kose meg på dugnad seinare i dag.

Øvst: bordkortet mitt. Her er kaldtbordet med all den gode maten

Sløyfa til han der fine

Konfirmanten skjer opp den fine marsipankaka

"Konfirmasjon – der bunadar møtast"

 Litt leikar må til, særskilt for dei minste :)

På kaffibesøk rett før avgang retning Førde, så Bergen og Sola (han gjekk av i Førde, eg i Bergen og resten av familien køyrde heilt heim til Sola)


12. mai 2013

Topp 5 – youtubevideoar



Denne sundagen vil eg gjerne få dele mine fem favorittvideoar frå youtube.com. Eg kunne sikkert ha laga eigne lister med berre musikkvideoar, videoar av søte dyr osb. Men den fyrste lista mi med videoar frå yotube inneheld alt frå A til Å. Kos dykk med denne lista:

"Greatest hits – the songs of Norway" - artig videosnutt frå showet Whose Line is it Anyway?

Dyr som hoppar og sprett rundt omkring - vanskeleg å berre velje ein video med hoppande dyr, men denne har ikkje delt før (i motsetning til denne)

"Tro-lo-lo" - ein klassikar som eg såg fyrste gongen på folkehøgskulen og syntest nesten var litt skummel (i etterkant har den fått mange parodiar)

"Rock the Torah" - herleg parodi på ein typisk åttitallsslagar (frå TV-serien Raising Hope)

"Potter Puppet Pals: The Mysterious Ticking Noise" - må sjåast!

11. mai 2013

Konfirmasjon del 1

 Tatt på veg ned til Flesland. Nydeleg solnedgangsstripe!

Då me landa på Flesland, såg me Widerøe-flya på rekke og rad...

Etter ein lang busstur, kom me fram til Florø i halv fire-tida i går. Her, ute ved Kystmuseet i Florø, skal dagen i dag bli feira. Trur det kjem til å bli ein kjempefin dag.


Bordet er dekka og klart til festen i ettermiddag :)

9. mai 2013

Til Florø

Etter mykje om og men, skal me no snart av garde til Kristiansand lufthavn, Kjevik. Me skal til Florø i konfirmasjonen til fetteren min. For det fyrste var eg veldig usikker på om me i det heile tatt skulle reise, for på måndag har eg jo eksamen. Men me bestilte til slutt flybillettar med eit fly som skulle bringe oss heilt fram til Florø. Vel. Den gong ei, for i går vakna me til Widerøe-streik, og det er berre Widerøe som flyr heilt fram. Dimed blei det ringing til SAS for å få refundert beløpet, og så måtte me bestille nye billettar hos Norwegian. For eit styr! Det er ikkje berre berre å bestille nye sånn i siste liten. Men til Florø skal me sjølv om me må ta ei overnatting i Bergen i natt og buss opp til Florø i morgon tidleg. Har fått lese litt på eksamensstoffet både i går og i dag i tillegg til at eg i går sat lenge og prata med ei i klassen om pensumet. Veldig greitt å snakke om det også, ikkje berre lese på det. Så får me sjå korleis det går på måndag. No skal eg i alle fall prøve å kose meg i helga. Kanskje legg eg ut nokre bilete også før eg kjem heim på sundag :)

7. mai 2013

Ein eksamen overstått – meir eksamenslesing

Fyrste eksamen er overstått, og no er det i gong med lesinga til den neste. Det er berre seks dagar til, og med tanke på at eg skal i konfirmasjon i Florø til helga, må eg berre setje meg ned og prøve å lese så godt eg berre kan! Eksamenen i går var, heldigvis, slik som forventa, så eg er nøgd og trur det gjekk bra. Litt vanskeleg å komme i gong med lesinga til den neste, for ute er det rett og slett strålande sol og vindstille. Det spirer og gror, alt blir grønare. Vil berre ut, leggje meg i graset, nyte sola, sove, høyre på musikk... Ja, ja. Får håpe det blir pent vêr neste veke også, og spesielt på fredag – då er det jo 17.mai! Kryssar fingrane både for lesinga og fint vêr til neste fredag :)

5. mai 2013

Topp 5 – favorittplagg

Nok ein sundag, nok ei liste med mine topp fem. Denne gongen drar eg fram mine fem favorittplagg. Som vanleg har eg så altfor mange kandidatar, men eg har valt å ta med dei plagga som eg bruker meir enn ein gong i året, altså vanlege genserar, toppar og kjolar. Eg kunne fint ha hatt med den fine, raude ballkjolen min på denne lista, men diverre får eg brukt den så altfor sjeldan. Og når det gjeld underdelar, har eg for det meste berre mørke bukser eller skjørt, dimed finn du ikkje det på denne lista fordi dei er så lite interresante ;) No blir det lesing i nokre timar, så kryssar eg fingrane for i morgon. Nedanfor finn de lista over mine topp fem favorittplagg:

1) bunaden min - eg får ikkje brukt den så mange gongar i løpet av eit år, men dette er min absolutte favoritt; då eg stod konfirmant i mai 2005, var den nesten på dagen femti år gammal

2) kongeblå, blomstrete peplumtopp - som sagt her, er eg veldig glad i peplumtoppat for tida, og eg trur dette må vere den finaste av dei

3) heimestrikka, blå jakke - fekk denne av mamma til bursdagen min; kanskje litt varm for denne årstida, men tenk så fin den blir til hausten

4) lilla blondegenser - berre nydeleg, både i fargen og med blondene bak på ryggen

5) raud femtitallskjole - eg har ein del kjolar som eg faktisk får brukt meir enn ein gong i året, så valet var ikkje enkelt, men det fell på denne fordi den har eit annleis snitt enn dei andre eg har (og ein veldig fin farge i tillegg)

4. mai 2013

Marsjseminar

Her går det verkeleg i korps i dag: eg har nettopp vore på marsjseminar med det eine skulekorpset, og mannen i huset sit her ved sida av meg og høyrer på EM brass. Når ein er på marsjøving (eller seminar) på ein laurdag, då veit ein at det nærmar seg 17.mai med stormskritt. Og heldigvis: sjølv om det var meldt mykje regn, letta vêret og me fekk gått nokre rundar utan å bli heilt gjennomblaute. No skal eg berre slappe av resten av dagen og kvelden med kaffi, bok, ein god film og sikkert litt meir EM på høgtalaren. Skal ha fri frå alt som heiter eksamenslesing, tar nemleg eit par timer med det i morgon før eksamenen er på måndag. Ønsk meg lukke til ;)

2. mai 2013

"Jeg gikk en tur på stien..."

Innimellom all lesinga i går (me hadde nemleg ein veldig produktiv dag med mykje lesing og førebuing til eksamen), tok me oss ein tur ut i ein liten skog som ligg rett ved skulen. Det har vore nokre fine dagar her med mykje sol, og det er jo så typisk at det er då ein må sitje inne og lese til eksamen. Men litt frisk luft må ein jo kunne unne seg :) Tok med meg kameraet og det blei jo tatt nokre bilete, som av den ugla som ikkje var nokon ugle. Me sat nemleg på ein stein då eg plutseleg såg at det var noko særskilt med det eine treet. Eg gjekk bort, og der hang det jaggu meg ei laminert papirugle. Kanskje er det frå eit orienteringsløp eller kanskje er det nokon som berre har hatt det litt morosamt. Turen var jo uansett herleg. Mykje lesing i dag også i tillegg til jobb om nokre timar, men på måndag er eg ferdig med den fyrste eksamenen; då er det berre tre igjen!