19. aug. 2016

Perler på ei snor

Førre månad var temaet i skaperutfordringa Monthly Makers ordet saga (fortelling eller eventyr). Me var jo på reis størsteparten av juli månad, og eg valde difor å stå over det temaet. No i august er temaet pärlor, altså perler på norsk. Ikkje akkurat det eg er best på må eg innrømme, men plutseleg dukka det opp ein tanke i hovudet. Kva med å lage perler av papir, såkalla paper beads?! Som sagt, så gjort. Eg hadde visst alt eg trengte her heime: fargerikt papir, decoupagelim, saks og noko å rulle papiret på (eg brukte ei heklenål). Som ein starthjelp brukte eg ein mal liknande denne.


Etter å ha sett denne kule nøkkelringen med trekuler inne hos Ann Merete, fann eg ut at det var ein nøkkelring eg ville lage ut av dei små papirperlene som eg nettopp hadde laga. Det finnast mange forskjellige fasongar på papirperlene (sjå her), men eg heldt meg til den kor ein lager tynne trekantar slik at perlene blir nokonlunde runde. Målte opp, klippa, rulla og tok på ein god del med decoupagelim. Lot dei tørke ein times tid før eg tok fram noko tråd som eg trædde perlene på. Og vips så var det klart, og slik ser no nøkkelknippet mitt ut :) Veldig enkelt prosjekt, men tenk på alle moglegheitene: smykke, armband, nøkkelring, øyredobb, uro med meir. Prøv det du også!

9 fine tankar - legg igjen noko fint du også

aliciasivert.se sa...

Vad kul att du gjorde papperspärlor! Funkar ju perfekt som nyckelring :) Den här tekniken är ett så himla spännande och bra sätt att ta till vara på pappersskräp på. Borde experimentera med det mer själv faktiskt! Tack för inspirationen :)

Jess sa...

Vilken rolig idé! Blev jättebra och en superfin nyckelring :)

Silje sa...

Alicia: Veldig enkelt å finne fram noko papir, klippe i veg og prøve seg fram. Så mange moglegheiter :) Tusen takk for fin kommentar ^^

Jess: Tusen takk! :D

sandra sa...

Åh, vad roligt att göra egna kulor! Så smart grej :)

Silje sa...

Moro å prøve ut ein ny teknikk! Tusen takk, Sandra! :)

Mikaela sa...

Vad fint med papperspärlor, passar ju hur bra som helst som nyckelring! :D

Silje sa...

Tusen takk, Mikaela! :D

Wilda sa...

Håller med Alicia och blev också inspirerad till återbruk av papper. Så fint det blev med alla färger!

Silje sa...

Veldig enkelt å halde på med, og så er det jo alltid moro med ein ny teknikk :D

Legg igjen ein fin tanke